Geitevit.

Av Jon Sæland

Teikning av Jens R. Nilssen

 


Tegning av Jens R. Nielsen

 

Geitene heime hadde småkarane mykje glede av. Men stundom var dei plagsame med når dei sette av i granneskogen, på dei Undheim, og me laut traska etter dei lange leider på von og våge. Mest ulikleg var det på sovorne turar å gå med ein otte for at ein kunde råka vonde karar i framand skog, slike som skræmde etter geitehjurdingane. Men lukka var at dei Undheim var so tolsame.

    Det var mest glede med geitene, ja, serleg med kidi. Enn når dei ein solsundag um våren leika på tunet og  ikring husi, og ho farmor med staven stod og såg, på geitungane og barnsungane. Noko så blidsleg som ho farmor slike dagar minnest eg ikkje å hava set sidan.

    Geitene var elles sjeldan heime på garden. Det er so milde vintrar på Jæren, at geitene for det meste var ute i skog og mark og berga seg sjølv heile vinteren. I minsto var det so der dei hadde god geitemark, som på Sæland. Berre når snøen vart so djup at geitene vanskeleg kunde vassa seg fram, vart dei tekne heim. Like eins stundom når kidingi stod fyre.

    Eg minnest ho Fjellbru ein gong. Det var tidleg um våren og geitene var inne um nettene av og til og fekk mat kveld og morgon. Um dagane var dei i skogen og knuppa bjørk og eik, lyng og lind. Ein dag då geiteflokken kom heim, var Fjellbru tom og slunki. Ho måtte hava kidja i marki. Men kid hadde ho ikkje med heim, og ikkje gat ho noko heller. Ho fylgde flokken inn og roa seg til, åt som dei andre og tagde.

    Enn som eg syrgde på det vesle kidet, som kanskje reven hadde teke. Eller um det skulde hava kome seg av på ei eller onnor vis. Eg hadde ikkje fred. Eg vilde av og leita etter kidet. ”Tak geiti med,” sa han far. Eg so gjorde.

    Geitene hadde vori i ”den ytra lio” um dagen. Det visste me. Men dit var det langt, og det er ikkje greidt å jaga  ei einsleg geit, frå heim og frå fylgjet sitt. Leidetam var ho ikkje.

    Men det gjekk betre enn eg hadde tenkt. Fjellbru var ikkje vond å jaga. Det gjekk ut Reinene, ut Randiheio åt Sandholane, over åi og Kolleholen gjenom ”Heimra-lio” rake vegen til ”den ytra lio” utan vanskar. Fjellbru rekte på mest som ho skulde vita kvar eg vilde av med henne.

    Då me kom fram til den ytre lidi der geitene hadde ratla um dagen, vart Fjellbru noko vasen og sein, nett som ho ikkje vilde lenger. Ho gav seg til å eta og hadde gode stunder no. Men ikkje mekra ho eller glåpte ho etter nokon ting. Det såg helst vonlaust ut å finna kid. Eg freista jaga henne i aust og vest, men nej, ingen stad vilde ho av, ikkje heimatt heller. Ho berre vasa og åt litt, og gav seg gode stunder.

    So fann eg på å løyna meg for henne.

    Eg sveiv til sides og smatt attum nokre steinar i eit tett holt. Der låg eg dorgende still, men soleis at eg kunde halda eit auga med Fjellbru likevel. Eg hadde ikkje vore lenge i løynd fyrr geiti tok til å sjå seg ikring. So slutta ho eta, rusla litt kringum, såg og lydde. Men alt var stilt, og venteleg trudde ho eg var heimattfaren.

    So med eitt småsprang ho burt åt nokre store steinar under eit haslekjerr. Eg høyrde ei liti blid læte frå henne, og fyrr eg visste ordet av, stod det eit kvitt kid og saug mor si, og den vesle spælen gjekk som ein vindkvern.

    Eg låg og kika på dette vene synet. Eg var glad som ein fugl. Reven hadde nok ikkje fenge tak i kidet, og ikkje var det dotte i eit urhol heller. Her var det. No saug det mor si, og ho godgjorde seg. Stundom jorta ho, og stundom pynta ho på den vesle. Det hadde vore hugsamt å springa fram trast. Men eg heldt meg.

    Då det leid på litt, såg eg ikkje kidet lenger, men Fjellbru som hadde gjenge eitpar steg fram, stod nå halvt burte under den store steinen, lutte og nufsa med hovudet, og grov stundom varsamt med med eine framfoten. Meir såg eg ikkje. Det tok til å skymast burtmed den store steinen under hasle-

kjerret. Då ho hadde halde på soleis eit lite bil, sveiv ho der ifrå og tok til å eta att.

    Men nå hadde eg hug å sjå  burt åt den store steinen.

    Eg stiltra meg fram so varsamt som det let seg gjera, og soleis at ikkje Fjellbru såg meg. Då eg kom nokre steg frå steinen, fekk eg sjå det var ein liten heller under han, og i den vesle helleren låg det ein liten haug med mose.

    Enn som eg stirde på den mosehaugen! Og snart vart eg var ei liti kvit øyra som stakk litt up or mosen. Då smålo det i meg. So det er her du  ligg!

    Eg stiltra meg endå nærare. Då vart eg var eit lite blankt auga – gjenom ein glytt i mosehaugen. Då torde eg mest ikkje leda meg, eg heldt anden i spaning. For auga stirde so hardt  på meg og såg so skræmt ut, at eg venta kvar augneblinken kidet skulde fara sin veg. Mosehaugen tok til å lette på seg og.

    So hoppa eg fram og fekk tak i eine bakfoten med det same det kvite kidet reis or haugen. Og so som det skreik med det same det kjende seg fanga. Det var nære på eg hadde slept det, so stokk eg. Men du vide verdi! Der smatt det eit kid til or mosehaugen. Og dette krak so fort og so langt inn i helleren, at eg med naudi fekk tak i det. Det med sette i eit skrik med det same eg nådde det.

    Men då var ho  Fjellbru au komi. Ho kom setjande som ei pil då ho høyrde kidi skreik.

    No hadde eg dei båe i fanget, både det kvite og det svartsalute, både geitkidet og bukk-kidet. Enn so reine og fine dei var! Men so som hjarto pikka i dei. Og so som det lyste av otte i dei blanke augo.

    Eg sat eit lite bil og strauk dei over den blanke, reine felden. Då roa dei seg.

    Og so tok me på heimvegen alle fire. Eg bar kidi i fanget so varsamt eg kunde. Og ho Fjellbru fotfylgde meg so vel, at ho mest meinka meg i å koma fram.

     Men sjeldan hev eg vore så glad som då eg kom heim og synte han far og ho farmor den fine fengdi.  

Geitevit er fra 1931 årgangen av ”Joletre”. Den blir her gjengitt med tillatelse av Norsk Barneblad.

Til introduksjon