MANNESTRID

Um  

SAU- GRIS- OG NAUT-ALET

 Nokre dagboksblad frå 1954 – 57

AV

JON SÆLAND
STATSKONSULENT

1957

EIGE FORLAG

10/11 - 54
12/2 - 55
15/11 - 55
31/12 - 55
15/12 - 55
11/12 - 55
1/2 - 56
23/2 - 56
24/3 - 56
20/8 - 55
11/4 - 56

 
5/6 - 56
24/6 - 56

 
8/5 - 56
4/9 - 56
4/11 - 56

Å skuva fram flesket i Noregs land.
Livdyrsal av spælsauslaget.
Meir saukjøt, mindre flesk.
Skræmelege tal um kornavl og flesk.
Sjølvberging og heimeglede.
Saukjøt eller flesk til heimebruk.
Lønsam avlingsauking.
Tampen brenn kring flesket og saukjøtet.
Venleik.
”Sauen”.
Kyt-ord um norsk ull frå innland og utland.
Feitt-sjuka på innsig i Noreg med.
Spælsauen slår ut alla andre sauslag i landet når det gjeld avdrott etter storleik.
Mjøldyri aukar, men beitedyri minkar i Noregs land.
Sauekontrollen gangleg for den einskilde.
Bjørnen, elgen, molta og Fjellbygdene.   

Å SKUVA FRAM FLESKET I NOREGS LAND.  

Det er mange som spør og undrast på um det kan vera rett å skuva fram flesket so hardt som det har vore gjort no i lang tid.  – For NOREG ER EIT BEITELAND og grisen er ikkje beitedyr. Me har lite åkerjord og lite dyrka jord og innmark i det heile. Men mykje utmarksbeite, serleg fjellbeite. Store viddor av dette. Soleis skulle me tru, at det  vori ganglegare å skuva fram saukjøtet, for sauen er uvanleg god til å nytta utmarksbeite av alle slag – berre det ikkje er rålendt. Serleg høveleg er sauen til å nytta fjellbeiti.

Soleis vert stølane, sætrane, meir og meir liggjande øyde.- Denne vegen har det gjenge i harde tak i mange år nå og held på verre og verre for kvart år som går – trass i at staten har tilsett beitekonsulentar og gjort store påkostnader til gransking av fjellbeiti. Det har vorti mykje papir, men heller litevori med kjøt.

Vest i hav er det eit granneland, Island, som i endå større mun enn Noreg er eit beiteland. Men der har dei ikkje skuvd fram flesket. Det er berre tvo svin for kvart 1000 menneskje medan me i Noreg har 125, - soleis etter folketalet 62 gonger so mykje flesk som frendefolket vest i hav. Og endå dei har vori og framleis er godt som utan flesk, men har mykje saukjøt, so har dei likevel ikkje på noko vis teke skade på helsa. Og islendingane er sterkare og helsugare enn nordmennene, skal vera.

Kven er det då som i fyrste hand er skyld i at flesket har fenge so stor plass, at det langt på veg skubbar tilsides kjøt og feitt av dei husdyri som for det meste lagar avdråtten av utmarks beite?

Jordbrukshøgskulen har vori fyrigangaren – saman med dei vanlege jordbruksskulane. Alt siden århundradskiftet har fremjing av grisalet havt eit stort timetal på Jordbrukshøgskulen. Jamvel i dei fyrste åri då det beste husdyret i beitebygdene (sauen) berre vart nemd sopass, at ein fekk eit par timar um ”fårets zoologiske stilling” hadde fleskeavlen breid plass og denne har ikkje minka seinare, men tvert um auka storlek. Umframt det gamle grishuset, vart det bygt tri store og kostesame grishus til, soleis at skulen hadde fire store grishus samstundes som det ei lang tid ikkje fans sauhus.

10/11 – 54.

LIVDYRSAL AV SPÆLSAUSLAGET.

 


Foto: Viktor Nedrebø

Viktor Nedrebøs flokk var på 50 og 60 talet av stor betydning for avl av farget spælsau.

Skal dette gå godt er det um å gjere at sauen er stor. Dette har eg set i firti år no, ikkje berre i Aust-Agder og  i Rogaland, men i Hallingdal og Øystre-dalen og Gudbrandsdalen med, alle stader der spælsauen har apa seg fram siste mannsaldren  har det vori so.

Sunnhordland har gøymt på noko spælsau frå gamalt. Det har vori utegangar (villsmale) som har havt det skrapoleg både vinter og sumar, serleg um vinteren. Natt og dag har han vori ute og berre når det er komne store snøfall har han vori kasta til høy eller sildaavfall ute i marki. Som ventande kan vera er denne sauen vorten små, den mindste som er i landet. Då staten tok hand um han litt (sette upp en alsstasjon) for meir enn 40 år sidan vog på jamnan søyer berre kring 25 kg runde, sjeldan 30 kg. Men dei var uvanleg hardtoluge og matfriske. Soleis gjekk dei på 10-20 år med vanleg god saufostring fram til kring 40 kg. Men lenger ville dei ikkje – uten innblanding av større slag. Likevel var det sume bønder og tenestmenn med som meinte å få denne småsauen spreidt som utegangar nord  etter dei lange havsstrendene våre. Men det gjekk ikkje. Færre enn få ville hava so små sau. Setesdal med hadde gøymt den gamle spælsauen, men her var han større. Då gjekk det litt til liv frå 1920 og ut etter, men berre lite. Stendeg var dette i vegen. Spælsauen var nurveleg og små, tykte folk. Jamvel i Setesdal var det so. Då det årlege statssjået kom i Valle frå 1920 var folket her mest huga på å sipte: Lata stuttrovone gå ut, taka att langrovor 

Men so fekk me inn frå Island ein spælsau-ver (Snorre) som vog 96 kg og attåt vanleg småe søyor på kring 40, gav tvillinglamb på 35-40 kg. Men då var det helst frisk avsettnad i mange år både innan dalen, til Rogaland, Øystre-dalen og jamvel til Sverige.

No har det domna av noko med livdyrsalet og atter er klagemålet jamnleg millom folk, at dei heller vil hava ein større sau. So tek dei helst den største me har i landet: dalasauen. Han kan me ikkje klaga på. Det er klårt for alle at folket mannjamnt har lika han godt. Difor har han, i dei 35 åri han har vori til, spreidt seg i storum nestan yver heile landet. Dette er ikkje gali, tvertum. Men so sermerkt som spælsauen er, har me bruk for han med – mange stader. Serleg er han høgt akta hjå folk som har stor sauflokk på garden sin og vanskeleg um røgtarhjelp. Fyrst og fremst gjeld dette i lambetidi. Lite uheld med han. I beitetidi gjeld det same. Tapet er minst for spælsauen. Elles er han vel havande i blandingsalet med.

Alt i alt: Spælsauen er so god på mange vis, at me må halde han uppe i Noregs land. Og dei som fram etter i komande tider vil halda fine flokker av han må ikkje gløyma, at spælsauen sel seg best når han er stor. Går det for seint å få storleiken upp med god fostring og skarpt utval, kan me ånyo taka inn nokre verar frå Island der dei største no veg 120 kg. Truleg kunne det elles (billegare) lata seg gjera å få inn nytt og stort blod på kunsteg vis

12/2 – 55.

 MEIR SAUKJØT, MINDRE FLESK.

Det er lite dyrka jord i Noreg, men stor utmark. Det meste av denne er beitemark høveleg for husdyr av ymse slag. Grisen er ikkje beitedyr i Noreg lenger. Han er meir og meir vorten eit husdyr som langt på veg lever av mannemat – av mjøl og jordeple, soleis av det som me alle dager har haft og framleis har mykje for lite av innanlands. Det vert difor i storum kvart år innført frå utlandi mjøl av ymse slag som går til grisen og vert til flesk – samstundes som store viddor av framifrå utmarksbeite ligg ringt nytta eller jamvel stundom heilt unytta. Syndleg! Er ikkje dette urimeleg i eit beiteland som vort?

16/2 – 55. 

SKRÆMELEGE TAL UM KORNAVL OG FLESK.  

I siste nummeret av Gard og Grend har konsulent Jakobsen gjeve forvitnelege upplysningar um kornavlen i landet og um innføringi frå utlandi. Når alt kjem i hop brukar me i heile landet kring 1 million tonn årleg, men av dette er berre 430.000 tonn heimeavla – endå so mykje jord det er lagt ut til korn dei tvo seinste   åri. Av det heimeavla vart 75.000 tonn bruka til mannemat, 40.000 tonn til såkorn og 300.000 tonn til fór. Soleis fire dubbelt so mykje til dyrefór som til mannemat.

Attpå dette vert det ført inn frå utlandi 200.000 tonn til dyrefór. Det går soleis med kring 500.000 tonn korn til dyrefór, eller helvti av alt som vert bruka i landet. Dette er ikkje lite. Det er meir enn mykje. Det er i det heile ei grenselaus innføring av dyrefór – endå alt det vert tala og skrive um, at me må verta meir sjølvbergan. Og alle stader skal staten, den rike staten med dei småe skattane, vera frampå med tilskot (”subsidier”). Det er ikkje berre norsk kornavl som fær velduge tilskot. Det utenlandske kraftfóret fær digre summar det med.

Kva er det for nokon av husdyri som fær dei uhorvelege mengdene med kraftfór som ryk med? – Fyrst og fremst er det grisen og høna, men mjølkefeet fær etter måten meir enn mykje det med. Minst av alle fær sauen, rette kjøtdyret skulle vera i Noregs land. Men soleis er det ikkje. No vert det stelt soleis at sauen er på nedgangsveg, no minkar han, medan mjøldyret, grisen, som ikkje er beitedyr i det heile, han auker på storum kvart einaste år.

Kva er grunnane for denne meiningsløysa? Det er for det fyrste den, at Jordbrukshøgskulen vår (og mange av dei vanlege jordbruksskulane med), Kjøt og fleskesentralen, husmorskulane og andre i lange tider har drive på i harde tak med å skuva fram flesket soleis at dette er kome med i matvanone mykje meir enn rett og rimeleg er i dette beitelandet.

Att på dette har me set at staten på mange vis gjev store tilskot til flesket soleis at det kjem fram millom anna der som det aldri burde finnast.

I år har Hålogaland havt uår for skuld kaldt og surt ver og Austlandet har havt skinår av verste slag. Soleis vart det eit ringt kornår og ringt jordepleår. Mykje mindre grisemat enn vanleg. Men trass i dette ser me inkje minmingar um at mjøldyret skal minkast med. Nei. Berre dei som har mykje flesk og egg i matvanone sine slær seg ilag med bøndene og syng upp um stort uår, so stend straks den rike staten, med dei småe skattane, ferdig til å ausa på med mjøl av mange slag frå utlandi attåt tilskot (”subsidier”) både her og der.

Ingen bryr seg aktande um sjølvberging. Soleis er det at det mest høvelege kjøtdyret vårt, sauen ikkje aukar lenger, men minkar.

Men mjøldyri vert haldne uppe, kosta kva det kosta vil. I fjor spurde ein tingmann frå Rogaland (Molaug) jordbruksministeren um han visste um at det gjekk mykje fint kakumjøl (som fær stort statstilskot) til grisane og um han tykte dette var rimeleg? Men vart det sett stengsel? Kven veit!

No har same tingmannen meldt ein spurnad til styringsverket um dei kjenner til, at det gjeng mykje sukker – blankt strøsukker (farin) – til grisane soleis som tilskotspolitikken er.

Eg skulle meine at det er grunn til å spyrja. Men vert det sett stengsel? Kven veit?

Me lyt helst ottast, at sidan dette gjeld mjøldyri – gris og høne – då vert rådgjerdene imot både valne og vesalle. Enn um me i beitelandet Noreg freista i meste laget å bruka saukjøt istanden for flesk (og egg) soleis som dei gjer på Island, det andre store beitelandet her nord? – Nei, dette ville ikkje gå segjer direktøren (Kjøs) for Kjøt- og Fleskesentralen. ”Når folk nå en gang finner seg vel til rette med det fleskekonsum det har lagt seg til, må vårt lantbruk dekke dette”. Punktum.

No veit me soleis stoda til denne sentralen. Når han og andre med kunster og knep millom anna milliontilskot til ”billegflesk” og anna flesk har skuvd fram flesket meir enn mykje i folk sine matvanor, so må ikkje saukjøtet få koma til utan som eit ”tillegg” til all flesketingi. Soleis vil sentralen hava det.

Jordbruksskulestyrar Carlsen skreiv nyleg, at: ”Å løsrive norsk husdyrproduksjon fra norsk jord, vil aldri gi noen sunn utvikling i vårt jordbruk.”

31/12 – 55.

 SJØLVBERGING OG HEIMEGLEDE

 Ein kvendelækjar, professor i Bergen, skal ikkje få eit ilt ord frå meg um han kjem inn på beitemarkine mine ender og då. Ho nei – for der er me så få, at nymæringar (nybegynnarar) berre skal vera hjartans velkomne i laget – um det kan henda kunne verta til litt gagn for ein eller annan. Iminsto kan me seia med Wergeland: Det er moro å klorast for den som har klør.

Jau – hadde me berre fenge framfrå fleire kvendelækjar-professorar som hadde vilja gjenge inn for sau og saual, - jamvel for alt som er på eller i dette velsigna høvelege dyret. Dette hadde vilja vori gangleg no då flesket og fettsjukan ikkje berre held på taka yverhand i Sverige og endå meir i Danmark. Det skal vera fælaste sjukdomen dette no, verre en kreft, i desse tvo grannelandi. Og i år må me ottast hardt at det snart vil gå sama løypa hjå okkon – i beitelandet Noreg. For ikkje her heldan er det beste beitedyret som er, so hardt i vinden som grisen som ikkje er beitedyr i det heile.

Soleis syner ho seg feittsjuka – som me ventar at fyrst og fremst kvendelækjarane burde taka eit tak med. – Då vori det venteleg eit framifrå rå og få bytt um flesket med saukjøt millom anna med vombskinn, lungor, hjarte, lever og skallar som ikkje nåme nær er feitt som flesk. Då er det forvitneleg at professoren fortel um korleis dei gjer det i det store saulandet Skottland og gjev uppskrifter på eitt ord der ifrå som Haggis og anna. Men eg ottast, at um ein vilja hava inn nye skikkar her, lyt ein helst gå vegen um husmorskulane og vandrelærarinnone som er mykje lettare å få med på framande skikkar enn heimekvendi våre eigne t. d. dei i Hallingdal og andre fjell- og fjordbygder.

For her kan dei so mykje enno av gamle skikkar – framifrå gode – når det t. d. gjeld tillagingi av innmat og ”avfall” av alle slag frå sauslaktingi, at det berre er um å gjera å høgvyrda dei gamle dugande konone som enno kan og vilja halda uppe alt dei kan – berre dei ikkje vert nedknyla av anna arbeid so ille at alt det gamle lyt gå i gløymeboki.

Gifteferduge gjentor burde taka seg tenest mot halv løn um dei kunne få koma til desse gamle konone som kan so mykje av sjølbergingskunsten.

5/12 – 55

 SAUKJØT ELLER FLESK TIL HEIMEBRUK?

 Det skulle vel ikkje vera tvilsmål um kva som er det rette av dette i Noregs land som er eit stort beiteland, men har mykje for lite dyrka jord til korn og annan mannemat.

Sauen er det beste beitedyret av alle husdyri våre. Grisen er ikkje beitedyr i det heile. I stort mun lever han av mannemat (mjøl) innført frå utlandi serleg Amerika. Me skal hava mykje for lite utenlandsk valutta, men endå stormar me på med kjøp av grismat frå utlandi og gaflar i oss flesk, men samstundes let velduge viddor av god beitemark liggja ringt nytta eller tidt jamvel unytta.

11/12 – 55

 LØNSAM AVLINGSAUKING.

 Alle mann veit um at det i heile vinter har gjenge fyri seg eit stort ordskifte um dette spursmålet. – land og strand yver heile Noregs land. Mange spursmål har vori framme, men alt ihopkome skal det vera so, at ein ikkje har fenge so mykje ut av det heile som tanken var. Etter alle samrødone er det helst so, at me no stend i på lag same skoro som fyrr.

Mange stader har det vori krav framme um, at staten må kavera for faste og lønsame priser for dei vanlege bondevarone, ikkje berre  for korn og mjølk, men for kjøt, flesk, egg og anna med. Det vil truleg  verta noko vride å få dette til. Soleis kan me ikkje venta at dette vert røyndom med det fyrste i alle fall.

Men like vel kan ikkje alt gå som det gjer no.

Alt i mange år har flesket på ymse vis vori skuvd hardt fram i landet, serleg dei seinste åri. Men i dette landet med lite dyrka jord og lite grismat, men med svære utmarks beite, er det lite høveleg med mykje gris. Like vel har grisen vunne seg fram i storum – for det meste av den grunn, at staten på ymse vis har gjeve han så store tilskot at han langt på veg har tevla ut beitedyret t. d. sauen.

Skal dette vara? – Nei.

Iminsto ser me at regjeringi må have tankar å få det onnorleis. I Stortingsmelding nr. 60 (sjå det vesle skriftet um ”Veier og midler for å styrke jordbruket”) heiter det soleis millom anna. At

”Husdyrproduksjonen må baseres på norske fórmidler så langt det er mulig.”

Alle veit at grisen i storum lever på innført kraftfór, medan t. d. sauen i større mun enn alle andre husdyri våre lever av norske fóremner. Fråsegni her tyder soleis ned med flesket, upp med saukjøtet.

Framleis heiter det i den nemnde meldingi frå regjeringi: ”Det må legges vekt på den del av husdyrsproduksjonen som er minst avhengig  av impórterte fórstoffer” og ”Sparing av valuta til jordbruksvarer”.

Alt dette med tyder mindre flesk, meir saukjøt.

Men soleis har det ikkje gjenge dei seinste åri, tvertum. Grisen har auka på kollossalt, medan sauen har minka.

Dette er m. a. tvert imot St. meld. Nr. 60 frå regjeringi. Men det har alt lenge set ut til, at straks  Instituttet for rase- og avlslære på Ås vil hava fram eitkvart nytt, so er det å springa til utlandet etter hjelp. Sjølv skal me ikkje greida noko med det gode grunnlaget som me har sjølve. Og bonden skal ikkje hjelpast til og få tru på eigne krefter og eigen dugleik soleis som det var sagt at Jordbrukshøgskulen skulle vera fyrigangar med – då han vart skipa.

Men raseinstituttet fylgjer ikkje denne leidi. Det går helst nord og ned istaden for upp og fram. Syndleg.
Mest gali er dette for Vestlandet og Hålogaland som har gode vilkår for saueal, men ringe vilkår for kornavl og jordepleavl i stor skala.

Mjølkfeet i desse landslutene er med seigt arbeid vorte høveleg og godt. Men no ser me alt minningar til, at det – som dei andre heimlege rasane – skal rivast sund med innkrossing av framande slag på von og våge.

Enn so gali.

1/2 - 56

 TAMPEN BRENN KRING FLESKET OG SAUKJØTET.

Jau, det er nok so. For me har nyleg høyrt både i sauvegen og grisvegen: Sautalet har minka 100.000 smålog dei tvo seinste åri medan gristalet (grisunger ikkje medrekna) har auka med 100.000. Dette er i beitelandet, der me ikkje nyttar ut nåme nær alt utmarks beite og har mykje for lite grismat soleis at innføringi (dyr valutta) gjeng upp i store milliontal når det gjeld mjøl til mjøldyret (Grisen). Attåt dette gjev staten årleg 18 millioner kronor til koking av jordeple – som for det meste går til mjøldyret.

No er det soleis vorti so gali, at me har fenge mykje meir flesk enn rett og rimeleg er medan det beste beitedyret held på minka burt reint kaldleg.

Endeleg har då Norsk sau- og geitalslag vorti vare kor ravgali dette er og soleis har dei no til årsmøte den 27. og 28. i denne månaden gjort framlegg um at staten må gjeva kr. 15,74 i tilskot til kvar vinterfostra sau.

Laget har rekna ut at fyrst då vert det jamstelling millom gris og sau.

Jaja, det var ikkje for tidleg at dette kravet kom. Det er berre 20 år for seint. For i denne tidi (lenger) er flesket skuvd so urimeleg sterkt fram på kostnaden åt beitedyret, at folk er komne i vane med stor flesk-eting. Og som me veit er ikkje vanan lett å venda.

Soleis skal nok Sau- og Geitalslaget få kjenne sterk mothug når dei vil freista få ei vending fram her – få saukjøtet inn og flesket ut. Millom anna vil dei få sterk mothug frå dei som meir enn nokon annan har skuvd flesket so sterkt fram (Kjøt- og fleskesentralen, Jordbrukshøgskulen (avnorskningssentralen) og husmorskulane). Alle desse kjem til å strida hardt imot.

Men so har laget den store trøysti, at regjeringi truleg er på deira side. Ho har ikkje nett nemnt tilskot til sauen, men ho har sers sterkt skrive i St. meldingi nr. 60, at ho vil hava fram dei husdyri som mest mogeleg lever av norske fóremne. Og dette er det same som at beitedyret sauen må fram og mjøldyret grisen må skuvast attende.

Anten må no alle dei store tilskoti som grisen fær takast burt eller so må sauen få det tilskotet som er nemnt ovanfyri.

På anna vis er det vanskeleg å få til jamnstelling. Ja, kunne ikkje båe desse dyri vera uten tilskot? Jau, men det vart ikkje jamnstelling med dei andre dyri då. Me veit at staten gjev store tilskot til mjølki (til nautbruket). Like eins til kornavlen. Men der er kan henda litevori grunn til å hjelpa mest dei feitaste bygdene og lata dei skrinnaste hjelpe seg sjølv eller iminsto få mykje mindre hjelp enn hine.

Hjelp? – fatigkasse?

Ja, det er helst fælare enn fælt at me skal vera komne so lågt, at staten skal hava meir enn mykje av folket sitt på denne kassa. Folkesjæli tek skade på dette viset. Men, segg råd, segg råd! Kven kan dette no? Stortinget? – Nei, det ser ikkje ut til at jamvel det greider denne vasne hespilen.

Men i dag er det industrien, byane, fotballen, turistnæringi, skogen og havgåande skip som har vind i segl. Kva tid kjem medvinden attende til jordbruket millom anna til fjord- og fjellbygdene?

Ja – me lyt berre no ut etter eit bil trøysta okkon med eit ord som ein av dei store admiralane våre sa ein gong: ”All ting kjem til han som kan vente”.

23/2 – 56

 ”SAUEN”.

Dette er namnet på ei ny bok som statskonsulent Bell har skrive. Ho koster 39 kronor og er uppslagsbok kring norsk saual. Som lærebok på jordbruksskulane er ho for stor.

Det er m. a. gjeve upp kva sauraser me har i landet no. Det skal vera 15, men då er det skrapa med for mykje. Av Shropshire har me truleg ikkje eit einaste smålog. Grå trøndersau er ingen sers rase, men høyrer til under Tautersauen. Etter alt me skynar lyt det same seiast um Steigarsauen som høyrer inn under Sutherlandssauen.

Under Dalasau (S. 45) står det at ”Sameleis som nemnt for rygjasauen er dalasauen komen fram ved kryssing av norsk spælsau med innførde engelske saueslag”.

Dette er ikkje rett.

Upptaket til skiping av dalasauen gjorde underskrivne på statssjået på Voss 1922. Då vart noko samla i ei klasse for seg under namnet vossasau og alt frå 1923 let eg han møte under namnet dalasau som han sidan har haft. Alt som møtte var frå Voss og Vossastrondi. Det beste var frå denne bygdi eller hadde upphavet sitt der ifrå. Eg gik sjølv frå gard til gard på Vossastrondi og spure folk um denne sauen og merkte det som var høveleg som grunnlag for dalasauen. Men so seint som då (midt i 20-åri) fans det inkje minningar um at denne sauen var blanda korkje med spælsau eller sutherland. Dette siste slaget visste ingen um hadde funnets korkje på Vossastrondi eller på Voss. Men lenger ut i 20-åri vart det kjøpt tvo lamb av dette slaget frå Hodne. Desse vart synte som risbitar på Vossasjået, men trass i framifrå stell var dei mykje mindre enn dalarisbitane, hadde ring kroppsbygnad og var ”saltande fulle” av dauhår i ulli. So gjekk dei til slakt og sidan såg me aldri sutherlandssau på Voss eller Vossastrondi.

Skal sutherlandssauen hava havt nemnande innverknad på dalasauen, må han hava sluppe inn etter at Bell fekk styringi (1945).

Men spælsau då? Nei. Korkje det som har vart merkt  (kåra) på Vossastrondi eller nådde premi på statssjået på Voss bar minste merke etter å vera blanda med spælsau. Den uvanleg lange og tunge rova og dei store, lågsette øyro på alt som vart teke ut som dalasau er prov nok for dette.

Dei beste sauflokkane på vossastrondi – som dalasauen ættar ifrå – var alt i mange år innan 1. bandet av ”Ættebok for verar av dalaslaget” kom i 1926, haldne ”reine” etter som det sagdest.

Men det ser ut til å hava vori mykje um at gjera for Bell ikkje at veta um at underskrivne har haft noko med tilskipingi av dalasauen å gjera. Det same kan seiast um professor Berge på Ås. So freistar dei båe å hjelpa seg med gissingar istadenfor vitskaplege sanningar.

Boki er skrivi på nynorsk som rett er avdi mykje meir enn helvti av dei saualarane som veg noko vidare har dette målet.

20/8 – 55

 VENLEIK.

 Det er so vent i Neslands kyrkje, - der hev eg stai brur! – Kven ynskjer seg ikkje ei ven brur eller ven make? Alle. Det veta me vel, at venleiken her tidt veg meir enn alt anna eller i alla fall meir enn mykje og tidt meir enn dugleik (avdrått) eller pening (gods og gull).

So tungt veg venleiken i mannehugen. I kvendehugen au. Menneskje trår etter venleik avdi han gjev glede.

Og kven trår ikkje etter glede? - - alle.

Det er mykje tale um ven natur – som fjell, skog, dalar, strender og hav. Stålblanke skjold over vikingers grav. Å eg veit meg eit land langt der uppe mot nord. – Er det ikkje venleiken som tek ein, som dreg ein og gjer ein glad.

Og vene hus – både innhus og uthus, byhus, borger og slott – alt må vera vent um det skal vera. Det vert kan henda kosta på lite både her og der for å få fram venleiken – millom anna når det gjeld innbu og veggjepynt.

Enn når det gjeld klæder og skor – kor tungt veg ikkje venleiken då – både for kar og kvende, kan henda mest for dei. For alle er det lettare å få fram glede – og lukkekjenslone – med sjålege klæder enn med fillor og fjask. Enn ambod og reidskap av alla slag – alt måtte hava iminsto ein svip av venleig – til og med sælapinnane.

Enn det skrivne ordet og talemålet? Er det ikkje med? Jau. Enn kunstnarar av alle slag, - er det ikkje venleiken dei flyt på? Han som sit so hardt i alt folket i alle land.

Men likevel har me dei seinste åri fenge set at mange av leidarane i husdyravlen berre talar hånleg um venleiken, - som ikkje skal vega noko, i alle fall ikkje når det gjeld storfeet. Då skal det vera ”det same korleis kyri ser ut berre ho mjølkar godt”.

Ein fylkesagronom sa på eit stort møte der m. a. leten på telemarksfeet var framme: ”Det skal ikkje takast minste umsyn til leten”. Det er nok ikkje gjort det heller dei seinste åri og soleis er det synberrt for alle korleis telemarksfeet er arbeidt nord og ned når det gjeld venleiken.

Nord i Gauldalen hadde det for nokre år sidan kome seg langt fram ein ukse som var nestan heilt svart. Statskonsulenten i husdyrbruk sa til dette: ”Han kan gjerne vera ramnsvart for meg”. Det var Rørosukse.

Så lågt er me komne.

 


Foto: ukjent

Venleik

Kor er uppkoma for styggedomen (vandalismen). Fyrst og fremst på Ås lyt me tru. Instituttet for avls- og raselære der driv avnorskning i harde tak millom anna når det gjeld nautalet.

Og barnet (studentane) lærer i den skulen dei går. Korleis ser det ikkje ut alt i Heidmark og Uppland? Reiser du t. d. vegen gjenom Gudbrandsdal ein haustar dag når buskapen går på jordi, då fær du sjå styggedomen: Graps, graps. Det er so ille at det skjemmer heile den vene dalen, der folket har havt ord på seg for å hava stor venleikssans og venleiksglede. No held dei på vert dregne so lågt, at dei kjenner seg nøgde? Med det fælaste graps – i nautvegen. Valdris er på rask gange same vegen. Dei kjenner kan henda ikkje Valdrisvisa på Nasjonalgalleriet: Kyri ligg i myri.

23/3 – 56. 

KYT-ORD UM NORSK ULL FRÅ INNLAND OG UTLAND.

 


Foto: V.N.

Viktor Nedrebø med "langull" 1955

Ho er sterk og glansfull – høver framifrå godt til garn og kvitlar (teppe). Soleis er domen frå utlandi. Det er ullsentralen (del av Kjøt- og fleskesentralen) som har sagt ifrå um dette, ei forvitneleg fråsegn for saualarane – utan for dei som driv på å lasta ned norsk ull og fjaklar med merino.

Sentralen har i det farne året kjøpt 45.000 kg spælsau-ull og betalt ho med kr. 8.30 for F 1. Dette er ikkje ille, sidan sume fabrikkar freistar drepa ned både spælsauen og ulli hans.

Men so god og høveleg ein sau som spælsauen i Noregs land skal det sterk lut til å drepa ned. No har elles møbelty-fabrikkane uppdaga at spælsau-ulli for dei er ”ei framifrå god vare” og soleis kjøper dei meir og meir av ho. Bra.

No er det for lite av svart ull att, både når det gjeld ull av spælsauen og langrover og soleis vert ikkje prisen lenger lågare for denne enn for den kvite. Det var då godt og dette syner m. a. at saualarane ikkje bør vera for snøgge i vendingi til å skifte sau etter som modevinden blæs. For nokre år sidan såg det ut til, at all svart eller avleta sau skulle rydjast ut, jamvel den fine blå spælsauen.

11/4 – 56.

FEITT-SJUKA PÅ INNSIG I NOREG MED.

 Meir enn tredjeparten av alle norske menn og kvende millom 30 og 40 år er for tunge. Det er landslaget for kosthald og helse, styrar professor dr. Håkon Natvig, som segjer ifrå um dette i ei ny bok ( ”Nye høydevekt-tabeller”)

Ja, dette er vel berre bra å høyra no då høg levestandard meir og meir tykkjest vera det som folket kavar etter for å nå høgste lukke i livet. – Nei, det skal ikkje vera berre bra likevel dette. Er ein for tung i sessen, det vil seia for feit, er ein meir utsett for sjukdom av ymse slag, og jamvel død, enn um levestandarden er lågare. Då held ein feittsjuka burte og helsa er betre og lukka i livet større, millom anna av di at økonomien då vert betre.

Det skulle soleis vera rett å minka på flesket og den feite maten i det heile på matsetelen – endå um me ikkje ottast dei fårlege trikinene som lurar i flesket stundom. Det var rettare å taka blankt saukjøt frå friske fjellbeite til middag enn dette syndlege flesket som vert laga i grisute hus av grapsefór av mange slag millom anna mykje frå utlandi.

Det er nok ikkje minste underleg um det fylgjer mykje sjukdom av ymse slag med den feittsjuka som no apar seg fram hjå okkon med – jamnfort med flesket. Hjå okkon med? Er denne sjuka framme andre stader? Ja – t. d. i grannelandi Sverige og Danmark.

Der har ho vori framme lenge alt og mykje verre enn her. I det heile er det so, at di høgre levestandaren er di verre herjer feittsjuka.

5/6 – 56.

SAUKONTROLLEN

SPÆLSAUEN SLÅR UT ALLE ANDRE SAUSLAG I LANDET

NÅR DET GJELD AVDROTT ETTER STORLEIK

Melding um avdråttskontrollen for sau 1954-55 er no prenta (i Sau og geit) og på nytt lag syner det seg klårt, at inkje anna sauslag kan tevla ut spælsauen når det gjeld um å hava stor lambavdrått. Når det vert rekna ut pr. 100 kg levande vekt gav:

  400  spælsøyor    i  medel  ei  lev. haustv.  51,3 kg   107.8 kg lambv.           
2750  dalasøyor                                       73.4        92.7       
  713  rygjasøyor                                      68.0        87.6       
 
402  sjeviot                                            63.1        86.8       
 
298  steigarsau                                       69.4        86.0       

Som ein ser har spælsøyone gjeve ein lambavdrått  som er heile 15,1 kg høgre enn dalasauen som er nest best. Spælsauen har elles vori fremst i alle år kontrollen har vara og ikkje berre her i landet er det soleis. I Sverige med.
Det er soleis ikkje anna ventande enn at mange saualarar i landet spiler upp augo og er mykje undrin yver, at det gamalnorske sauslaget som so lenge vart vanakte og gjeve kniven til fremjing av innførde, framande slag, ikkje berre greider å tevla med desse, men jamvel i ymse leidor går langt framum dei – når dei vert granska på like fot med hine.
Det kan nemnast her at saukontrollen i Sverige so tidleg som 1941 synte, at spælsauen i dette landet gav 92,4 kg lambvekt (5 månader gamle lamb) for kvart 100 kg søyevekt medan dei tilsvarande tali for sjeviot og oxford down berre var 65,6 og 67,7 kg og etter eigne røynslor med dei norske sauslagi kunne eg alt so tidleg som for 40 år sidan skriva i fyrste sauboki mi, at um me hadde teke hand om spælsauen vår eigen då det vart mote å drepa han ned og taka att utanlandske slag, so hadde me då (40 år sidan) truleg havt ein betre sau i landet enn den me hadde. Etter det me no veit, med saukontrollen og mange røynslor kringum i landet, som grunnlag, kan me no slå fast at dette var rett. Me kan no leggja til, at um me hadde havt vit til å gjort det soleis hadde me attpå til spara mange pengar både for staten og for den einskilde saualaren.  


Men det er sjølvsagt sers viktugt og verdfullt at me no er kome so langt, at me veit alt dette og kan taka umsyn til det under arbeidet vidare fram etter.
Lærdomen som me no har fenge kring soga åt spælsauen har elles kan henda litt lærdom å gjeva oss når det gjeld dei andre husdyri med t. d. storfeet. For dette er me nett no uppe i ei neddrepingsrid af dei fæle når det gjeld det heimlege norske feet. Kvar gjeng du bonde?
Spælsauen har gjort det godt. Men er det då rette vegen å hoppa attende til han alle mann so fort som me kan?
Nei, det er det ikkje. Men etter det me no veit um han og dei andre slagi, vil han visseleg etter kvart koma til å apa seg mykje fram i landet i tidi som kjem, for no veit me, at når det gjeld viktugaste evna me krev hjå sauen, å gjeva stor lambavdrått – under dei tilhøve me bjodar han, so er han langt framum alle andre slag me har i landet.
For berre kring halvt hundrad år sidan var han nestan heilt avdanka i landet, men endå um han dei seinste firti åri har vore på uppgangs veg att, so er det framleis lite av han i landet imot det som er av sau av framandt blod. Og dette med er godt, jamnt yver fram ifrå godt, og bør soleis haldast uppe utan bråskifte i alle fall. Serleg av umsyn til saualarane må det vera so. Det sauslaget som dei er vorten glade i, må dei i lengste laget få halda på avdi at ”manns vilje er manns himmerik”. Det som ein er vorten retteleg glad i, kjem ein gjerne lengst med.
På jamnan er det so, at saualarane gjerne vil hava tvillingar etter søyone sine. Her med står, etter kontrollen, spælsauen fremst med 1,59 gagnslamb av vinterfostra søye (gjeldsøyone og medrekna). Nest best her  er sjeviot med 1,50 gagnslamb. Der etter kjem dalasau med 1,47, so rygjasau og steigarsau med 1,42 gagnslamb.
Når det gjeld ullmengd står dalasauen fremst med 3,72 kg um året for kvar søye, der etter kjem steigarsau med 3,56, sjeviot med 3,25, rygja med 2,87 og spælsau med 2,38 kg i medel pr. søye um året.
Her vart spælsauen sist, men sjølvsagt måtte han verta det sidan ullvekti ikkje er rekna ut pr. 100 kg levande vekt, men er teken som medel pr. søye. Hadde ullmengdi vori utrekna pr. 100 kg søyevekt hadde det vilja synt seg, at spælsauen er den ullrikaste av all

Eit anna tal som har stor interesse er vektauken pr. søye frå vår til haust soleis trivnaden på beite. Her er tali soleis: Dala 13,7 kg i medel, sjeviot 11,2, rygja 9,2, spælsau 7,3 og steigarsau berre 5,5 kg. Her med er tali tekne pr. søye og ikkje etter 100 kg-vekti og soleis vert dei lite sætande når ein vil veta kva sauslag har synt størst trivnad på beite. Men tek me her vektauken um sumaren pr. 100 kg. søyevekt, fær me desse tali:

dalasau
sjeviot
spælsau
rygjasau
 steigarsau

18,6 kg
17,7   ” 
14,2   ” 
13.5   ” 
  7.9   ”  

Når det gjeld trivnaden på beite har soleis dalasauen kome fremst, men sjeviot er ikkje langt undan, medan steigarsauen ikkje ein gong har nådd helvti so høgt som desse og står svært ringt her. Rygja og spælsau er ikkje so langt ifrå einannan og her må me seia at spælsauen med sine 14,2 kg har vori reint uvanleg god når me kjem ihug at han i lambavdrått står langt framum alle og like eins har fostra på det største lambtalet av alle.

Når det gjeld spælsau har 8 søyor frå Ålvundeid kome høgst av alle i heile kontrollen med ein medel lambavdrått på 140 kg. Indre Hardanger står elles endå betre avdi dei for so mykje som 25 søyor har nådd ein medelavdrått på 139.7 kg. Uvanleg høgt her kjem elles Voss med ein avdrått på 133,8 kg for 31 søyor og Gjestal med 131.1 kg for 8 søyor.

I det heile syner det seg at saukontrollen gjev mykje forvitnelege upplysningar um dei ulike sauslagi i landet og soleis lyt me tru, at dei tali som alt no er kome fram og prenta, vil verta granska godt av dei einskilde saualarane kringum i landet. Serskilt når det gjeld fyrigangarane må me venta og vona, at dei tek seg tid til å granska tali godt.

24/6 – 56. 

MJØLDYRI AUKER, MEN BEITEDYRI MINKAR I NOREGS LAND.  

Me har ikkje visst um anna enn at me lever i eit beiteland, at det er so romsamt med utmarks beite her, at me jamvel har meir enn me greider å nytta ut, mykje meir. Serleg er det vorti gale i so måte  dei seinste åri etter at stølane i storum er nedlagde, både geitstølar og nautstølar. Og etter at det er gjort store påkostnader med å laga ”beskrivelser” av fjellbeiti og det er vorti offentlige beitekonsulentar i alle fylke og attpå til eit stort privat lag (Norsk Sau og geitalslag) med 100.000 kronor i årleg innkome, no, etter me har fenge alt dette, har nyttingi av utmarks beiti berre minka, beitedyri med, medan tanken var, at desse skulle auka og beitenyttingi det same. Men det har gjenge tvert um.

Er det ikkje kaldleg?

Men det er noko anna som har havt framgang, som har auka på storleg dei seinste åri – det er mjøldyri (grisane) og mjølfuglane (høna).

Det er soleis kan henda på tidar, at me ikkje talar um Noreg som eit beiteland lenger, men tvertum som eit mjølland. Meir og meir for kvart år som går vert det so, ser me. Beitedyri – øyk, naut, geit og sau, alt i hop, er på nedgangs veg, men mjøldyri og mjølfuglane er på uppgangs veg, - i storum er det soleis no.

Noregs land er vorti eit mjølland med krunans gode dagar for mjøldyri og – fuglane, men knipsame, tronge tider for beitedyri.

Men har krunan noko med dette å gjera? Ja, dugeleg mykje har landestyringi havt med dette å gjera. Elles hadde det ikkje vorti nåme nær so gali som det er. For det er krunan (staten) som har ansvaret for den urimelege kraftfórordningi som har vori og som langt på veg har ansvaret for at Kjøt- og fleske-sentralen, Jordbrukshøgskulen, dei andre jordbruksskulane med og husmorskulane har skuvd fram mjøletarane (gris og høne) meir enn rett og rimeleg er, samstundes som beitedyri er haldne nede.

Er ikkje dette ei kaldleg styring i beitelandet?

I siste året (1955) minka sautalet med 90.000, nitti tusund liv, og kring 100.000 tilsaman dei tvo seinste åri medan mjøldyret – grisen – i dei tvo same åri auka med 100.000 liv (endå um ikkje smågrisane då er rekna med). Og kring siste årsskiftet hadde me 400.000 fleire hønor enn året fyrr

Men er det vorti so mykje meir mjøl enn fyrr av norsk jord? Ja, den store korntrygdi har drege fram retteleg mykje korn. Men tanken var at det meste av dette skulle vorti mannemat (kveite), men dette var bomskot. Det meste er vorte til mjøl åt mjøldyr og mjølfuglar. Attpå dette kjem det inn uryggjeleg mykje frå utlandi med som gjeng til mjøldyri som på dette viset fær store statstilskot, mykje større enn beitedyri.

Hadde staten lete det vori fri tevling millom husdyri våre, so ville tilstandet vori eit anna enn det er. Då hadde beitedyri (og dermed fjord og fjellbygdene) stade langt betre i tevlingi enn dei gjer i dag. No stend det um livet for dei mange stader, medan mjølbygdene, (korn)-bygdene lever krunans gode dagar.

Soleis er det at fjord- og fjellbygdene (beitebygdene) freistar å hunkla etter kornbygdene – soleis auka på med mjøldyret (grisen) og mjølfuglane (høna) og minka på beitedyri dei med – endå dei berre har yrande småe prikkar med dyrka jord og mest inkje korn-jord men mykje meir av utmarks beite enn dei klarar å nytta ut.

Ei kaldleg landestyring!

Regjeringi som no sit har set kor gali dette er. Ho har sagt klårt ifrå um dette i stortingsmeldingi nr. 60. Ho vil hava fram meir av dei dyri som berger seg med norske fóremne og mindre av dei som krev fælslege innføringar av fóremne frå utlandi og attpå til stor statshjelp for å klare seg i tevlingi med hine.

No skulle me soleis – m. a. med den nye kraftfórordningi – få ei vending fram i denne leidi.

Kraftfórnemndi er ferdig, pristingingane med, - so fær me snart sjå um det vil gå so. Mange strekkjer hals og undrast på um det vil gå so.

Vonene ser ikkje so hæve ut, det gjer dei ikkje. Millom anna har me eit godt barometer i dette når me ser på smågrisprisane. Hadde det vori von til vending i ustellet, so hadde me venta at desse hadde falle dugeleg no ut etter. Har dei det? Nei. Dei er framleis friskare enn friske – yver heile landet jamvel. Svære prisar og lett avsettnad alle stader – 60-70 for månadsgamle og 90 til 110 for 18-20 kg’s grisungar.

Eventyr!

Og purkeparingi dei tri fyrste månadene i år har jamvel vori 9% større enn i fjor. Dette var sagt frå statistisk bureau so seint som 8/5 i år. Purkeparing. Nei, det sa dei ikkje: ”bedekning” heiter det frå avnorskningssentralen (Ås) – som i Danmark.

Det er soleis tvo barometer som står på storm for framgangen for mjøldyret i komande år og vidare med.

Det har soleis ikkje hjelpt det minste grand, at Kringkastingi i vinter hadde framme tvo velrøynde grisebønder som, saman med direktøren for Kjøt- og Fleskesentralen, sa ifrå um til heile landet, at no var det berre stort tap med å laga flesk.

Var desse tri karane framme i Kringkastingi og laug? Det er mange som lyt tru dette no.

8/5 - 56

 SAUEKONTROLLEN GANGLEG FOR DEN EINSKILDE.  


Foto: Viktor Nedrebø

Blåmandag 1032, 1956, en av stamfedrene til Sheep-Isle flokken

 Sauekontroll? Ja, dei kallar det so når ein veg avdråtten som sauen gjev – ull og lambavdrått. Det har vori jaga hardt på for å få fram mykje av denne kontrollen og tanken er nok, at ein skal taka umsyn til han under premieringi. Men so langt er dei ikkje kome enno. Det kan elles koma til å gå eit beite til dette let seg gjere – i alle fall i Sætesdal og Agder i det heile. For her er få med i kontrollen. Men like vel er det gangleg for den einskilde å vega avdråtten etter sauine sine og taka umsyn til dette under utvalet av livbeist . Det er elles få som tykkjer dei har tid til al vegingi. Soleis berger det seg med skynet og sers det godt hjå mange og burde vera sers godt hjå alle domarane. Det er det ikkje.

Men me har no offentleg saukontroll og då kan det vera forvitneleg å sjå litt på ymse ting som han syner, - i medel for landet, siste året:

 Avdrotten utrekna pr. 100 kg levande vekt:

  400 spælsøyor             m/lev. haustv.     51.5 kg            gav lambeavdr.              107.8 kg
2750  dalasøyer                                     73.4                                                     92.7
  713  rygjasøyer                                    68.0                                                     87.6 
 
402 sjeviotsøyer                                   63.1                                                     86.8 

Som ein ser har spælsøyone gjeve ein lambavdrått som er heile 15.1 kg høgre enn dalasauen som er nest best.

Spælsauen har elles vori fremst i alle år kontrollen har vara og ikkje berre her i landet er det soleis. I Sverige med. Etter storleiken sin gjev spælsauen tyngst lamb av all sau som er i landet og i Sverige. Dette er framifrå godt gjort av han som var so vanakta og avdanka, at mest berre Sætesdal hadde gøymt på han.

Men er det då kan henda rette vegen å hoppa attende til honom alle mann so fort me kan?

Nej, det er det ikkje. Men etter det me no veit um både han og dei andre slagi, vil han visseleg etter kvart koma til å apa seg mykje fram i landet i tidi som kjem, for no veit me, at når det gjeld viktugaste evna me krev av sauen, å gjeva stor lambavdrått, so er spælsauen langt framum all annan sau me har i landet. Dette veg tyngre enn tungt. Attpå til kjem den tingen at han akter lambi sine betre enn all annan sau og det er mindre bry med ham enn annan  sau. Og bryet veit ein er kostesamt no.  

Som eg fyrr har sagt mange vendor trur eg soleis at i alle fall for Sætesdal er spælsauen den beste ein kan hava.

Men likevel er det so, at me stundom kan sjå små og lette lamb etter han. Ja, er det anna ventande? Nei. Me må koma i hug at han er liten enno og jamnleg har tvo lamb og jamnleg fær knipsamt beite um våren etter lambingi. Like eins har han det tidt knipsamt um hausten når han kjem av heiar. Lat spælsauen få metta seg, ikkje berre um sumaren, men tidleg um våren og um hausten med, so skal du ikkje få sjå mykje ”blålamb” etter honom.

Du vide verd kor triveleg og god spælsauen er til å eta seg feitt – berre han fær metta seg dagande dag – med nygroe um våren og med hå og jordeple um hausten, helst kokte eple. Dei er ikkje det minste for gode åt han. Staten gjev då 7 øre kiloet for kokingi. Ingen må senda blålamb til slakt. Då fær du heller fostra dei ein vinter til, um du ikkje kan få dei feite nok um hausten.

Dalasauen? Nei han skriv eg ikkje noko um. Han greider seg lell. Du veit: ”stort skal storum fylgja”. Dette gjeld i Sætesdal med – endå so gali det er.

4/9 – 56.


Foto: Viktor Nedrebø

"Krone" levde 17 år og fikk 25 lam! En av stamsøyene til Sheep-Isle flokken

 

BJØRNEN; ELGEN; MOLTA OG FJELLBYGDENE.

Han Håkon Storøy hadde dette framme i kringkastingi i går. Han spure ut Libyggan. Det var ei stor hugnadstund å lyda på dei. Dei  skravla ikkje, men tala sagte og klårt og med tyngd. Dei har både bjørn og elg og moltor i markine sine Libyggan. Dei har røynsle um desse sakene. Soleis vog det tungt det dei sa.

Bjørnefreding? – Nei, det ville dei ikkje vera med på. Alle sa nei til dette. Dei var ikkje vonde på bjørnen – berre han ikkje gjorde vondt. Men dei kunne aldri vera trygg på han. Helst i einingi er han til skade. Han drep sau og elles med gjer det utrygt i skog og fjell på ymse vis. Sau og bjørn høyrer ikkje i hop, sa dei, og sau ville dei hava. Men grasbjørn? Grasbjørn og slagbjørn er same karen. Fyrst på sumaren kan han halda seg langt inn i fjellet og eta ungt fint gras. Haustardag søkjer han lenger heim og vert slagbjørn.

Men skadebot? Det vart ei ring hjelp. Fjellbonden er glad i dyrom sine og liker mindre enn lite at dei skal verta rivin av bjørn – endå um eigaren fekk slaktverdet i skadebot. Eller: Kven vil selja ei god bjølltikke eller ei høgt premiera alstikke til slaktverdet? Ingen, ingen. For eigaren har desse  mangedubbelt verd. Elles er det tvilsamt um bjørnefredingi ville muna noko vidare. For endå um Libyggan er lovlydige folk, so ville dei knappast sjå på at bjørnen ruska i dyrehopane deire – endå um han var freda.

Desse fråsegnene frå Lierne, trur eg dei ville skrive under alle stader der dei enno har bjørn i markine sine. Soleis i Engerdal og Trysil, Valdris og Hallingdal, Gudbrandsdalen, i Sogn og på Møre.

Men ingen stad hatar dei bjørnen verre enn at dei gjerne såg han freda i ein nasjonalpark eller bjørnepark der han ikkje fekk høve til å gjere alt for mykje vondt.

Børgefjell kjenner eg ikkje. Men eg kjenner Skrimm, - skog- og fjellmarki millom Buskerud, Vestfold og Telemark. Her kunne det truleg verta høveleg  bjørnepark soleis i den store skog- og fjellmarki som ligg millom Drammensfjorden, Oslofjorden, Skiensfjorden, Norsjå, Sauarelvi, og Heddalsvatnet og som elles er avgrensa av jarnvegen Notodden-Drammen. Dette er gamalt bjørnelende. Det er berre få år sidan at siste bjørnen her vart skotin. Og ender og då ser dei enno merke etter ein vandrar.

I Skrimm-traktene er det mindre sau enn nokon annan stad eg veit um. Lite bufe i det beile.

Og – det beste av alt, det ligg so nære Oslo, Drammen, Larvik og Skien, at alle der ifrå, som har hug, lett kan taka seg sundagsturer til bjørneparken. Dette må vera gangleg, for ingen stad i landet elskar dei bjørnen so varmt som i Oslo (og i andre store byar)

Libyggan ville elles hava molta freda. Myreigarane skulle hava rådveldet yver ho soleis at markine kom til å gjeva innkomor for fjellbygdene.

Framleis ville dei hava tidlegare veiding av elgen. Like eins av umsyn til bygdebaten.

Ja, kva betre kan landestyringi gjere enn å hjelpa avsides fjellbygder til lettare levekår.

4/11 - 56

Til introduksjon