Litt om
Gamalnorsk sau – "Villsau" av Lars Erling Horgen
Villsauen har vore på randen til å dø ut fleire gangar då
stamma var krympa inn til truleg under 2000 vaksne dyr. Ein gong på byrjinga av
1950 talet var stamma så liten at fylkeslandbrukssjef Paul Moberg tok tak i
problemet, og starta Selbjørn villsaulag, som hadde til formål å ta vare på
villsaustamma i Austevoll. Storparten av villsauene var på denne tida
konsentrert i Austevoll.
Denne redningsaksjonen frå Paul Moberg og villsaueigarar i
Austevoll er etter min meining ein av grunnane til at vi kan jobba vidare med
denne spennande sauen. På 1980 talet vart det frå Selbjørn villsaulag bedt om
hjelp til endå ein gang redda villsauen, då interessa til å halda villsau ,og
forgubbing blant eigarane, gjorde at stamma var i fare, der freding av sauen
kunne vera eit av tiltaka som måtte til. Mange grunnar gjorde at det var
vanskeleg å halda villsau, nemner i stikkordsform, produksjonstillegg,
klassingsreglar, dyrevernslov, hanndyrlov, liten stamme, haldning i landbrukets
organisasjonar .m.m.
Det vart etter dette teke tak i utfordringa frå
landbrukskontoret i Austevoll, som etterkvart fekk god hjelp av Austevoll
kommune, småfefondet og ikkje minst media, til å koma så langt at det var
fleire som vart interessert i denne unike sauen.
Fylkeslandbrukssjef Steinar Bø formidla kontakt mellom
Handelshøgskulen i Bergen og landbrukskontoret i Austevoll, der vi fekk i gang
eit prosjekt på og for sauen. Prosjektet konkluderte med at det var mogeleg å
driva konvensjonelt med denne sauen, dersom ein fann ein måte å få seld
kjøtet på som gav betre betaling enn slakteria.
For å koma vidare vart det såleis starta eit
landsomfattande lag som hadde som hovudmål å ta vare på villsauen. Det har
etter kvart vist seg at Villsauen har ein større utbredelse enn det ein var
klar over, men konsentrasjonen ligg på kysten i Hordaland og Sør Trøndelag.
Då vi starta Norsk Villsaulag rekna vi med at det var ca.
2000 dyr i Noreg, medan dyretalet har eksplodert og ligg i dag på over 30.000.
Norsk villsaulag vart til Norsk villsaulag B/A, som tilsette
produktsjef for å ta seg av salet for laget. Dette har vist seg å vera ein
framifrå måte å organisera tiltaket på og me kan sjå attende på ei
framgangsrik tid, der saueeigarane som er medlemar i laget har fått garantert
pris for innlevert kjøt. Dette prosjektet har vist at det nytter å tenkja nytt
og noko utradisjonelt, og kanskje vera noko før si tid. Det har ikkje vore
nokon lett veg å gå, men når resultatet er godt hugsar ein ikkje dei
vanskelege stundene, og den hånlatter som var når ein snakka om villsau for 10
til 15 år sidan har lagt seg. Hadde det ikkje vore for at vi hadde gode
medhjelparar i produktsjef og prosjektkoordinator, media og ikkje minst
Landbruksdepartement, trur eg vi ville hatt store problem med å koma så langt
som vi har gjort.
Eg har drevet med villsau i over 25 år og finner denne sauen
meir og meir fascinerande, og vert meir og meir klar over at vi har foredla oss
bort frå svært mange gode eigenskapar hos den vanlege sauen.
Villsauen er unik på mange områder slik at det er utruleg
spanande å fylgja med denne i dei forskjellige årstider. Den mest spanande
tida er sjølvsagt våren og under lemminga.
Det er godt gjort at denne sauen som ikkje får tilleggsfor i
det heile greier seg så godt på dei skrinne beite som det er på desse øyane
på vestlandet og kanskje særleg her i Austevoll, der vi no skal til Horgo.

Drifta på Horgo
Horgo er ei øy som er fråflytta og der det står att godt
vedlikehaldne hus, som berre vert nytta som fritidshus. Øya ligg heilt ut mot
havet og er godt besøkt av båtturristar, særleg frå Bergenskanten, men også
oversjøiske besøk. Øya er på ca. 2000 da. Og det er beite til ca. 130 –
150 overvintra dyr. Beitet består av 80% lyng og brake, resten er gamal
grasmark (innmark) Det vert ikkje tilført gjødsel. I tillegg beitar sauen i
fjæra på tang og tare, som er eit svært viktig mineraltilskot heile året,
men gjerne mest haust og vinter. Horgo er etter min meining heilt ideell for
villsauen og dennes egenskaper, eller kanskje det er sauen som er ideell til
Horgo??
Lammingstid
For saueeigarar flest er våren og lammingstida ei travel tid
der ein mest bur i fjøsen for å hjelpa til med lamminga, vi må nesten inn i
sauen å henta dei, vi snur og dreg for å få dei levande ut og for å redda
sauen. Det er ikkje slik det skal vera er det vel. Nei med villsauen er det
heldigvis ikkje slik.
På Horgo går som sagt sauene ute heile året, og det er
lagt vekt på at dei skal greia seg sjølv mest mogeleg. Vi prøver likevel så
langt det er mogeleg å halda oss til lovar og reglar.
Likevel meiner eg at dette med å passe på sauen når den
lammar er missfôrstått dyrevern, for det viser seg at villsauen gjer det på
sin måte uansett kva vi prøver på. Så skal ein sjå etter sauen i
lammingstida må ein fara varsamt fram og halda seg på avstand. No skal sauen
ha det roleg!!!

Adferd ved lamming
Det ser ut for at morsinstinktet er så sterkt at om vi går
inn og forstyrrar sauene i lammingstida så gjer vi noko fundamentalt galt. Det
er heilt naturleg at villsauen går i små flokkar om våren og at verane er
støytt ut av flokken og som gjerne samlar seg i eigne små flokkar.
Når lemming nærmar seg hos eit av dyra i flokken, trekkjer
dette dyret seg unna og gjøymer seg bort under ein stor stein eller brake,
helst i sørhelling, der det er lunt, tørt og varmt. Her kjem lammet til verda
og sauen går ikkje attende til flokken att, før etter nokre dagar, no kjenner
lammet mora godt, og mora har fått "skikk" på lammet slik at det
følgjer mora, som er ein nødvendigheit for at lammet skal leva opp.. Dette kan
ha mange årsaker, men ein av dei viktigaste årsakene er at om ein ungsau hadde
lamma i nærleiken av flokken, er det stor fare for at ledarsauen i flokken
hadde overteke morsrolla, serleg dersom ho ikkje hadde lam frå før sjølv. Ei
anna årsak er at rovfuglar som det er ein del av i området, ikkje skal få tak
i det heilt nyfødde lammet. Mora greier no å halda lammet heilt inn til seg
heile tida, og dette gjer at andre sauer og rovdyr ikkje får tak i lammet. Slik
stikk den eine sauen etter den andre av frå flokken for å lamma, og kjem
attende til den same flokken etter nokre dagar.
Villsauen er ein god mjølkesau og lamma veks derfor svært
fort den første tida, og har ingen vanskar med å følgja dei vaksne dyra etter
nokre dagar, sjølv i ulendt terreng.
Etter lamming flokkar sauen seg på normalt vis att og går
sin daglege ruter, der dei er ei fast tid på døgeret i utmark, ei anna tid på
innmark og litt ved sjøkanten og et tang og tare. Rutene er så faste at det
nesten er mogeleg å stilla klokka etter dei. Kvar flokk har sin rutine, slik at
ein flokk kan nytta innmark på dagtid og ein annan om kvelden. Desse rutene ser
ut til å vera forskjellig etter årstida, med meir vekt på innmarksbeite om
våren enn om vinteren.
Sanking
På Horgo sankar vi sauen to gangar i året – Juni ca. 24.
sankar vi sauene for å merka lamma og klippa sauene. Vi er særs årvakne for
sauer som ikkje har lam og for sauer som ikkje slepp ulla. Hausten Sept. Okt.
sankar vi sauene for å ta ut slakt og livdyr samt sauer som er gamle og, eller
har andre skavanker.
Når vi tek ut livdyr er det for oss viktig at utvalet vert
gjort på naturen og sauen sitt premiss så langt vi forstår denne då. Vi legg
vekt på at vårt utval ikkje aukar eller minkar størrelsen på dyra då
størrelsen på dyra i den flokken vi har, er naturleg bestemt ved naturleg
utval i mange tusen år.
Vi fornyar flokken med ca. 5 til 10% i året, villsauen
produserer godt i 10 til 15 år slik at utskiftinga ikkje treng vera større.
Paring
Verane får lov til å gå i ca. 2 år før dei vert skifta
ut med nye frå andre flokkar i Austevoll, vi har ca. 1 ver på 20 sauer. Verane
går ute saman med sauene heile året, slik at paringstid og dermed lammingstid
vert bestemt naturleg. Dette går heilt fint, men krev at vi greier å nytta
naturen sine premisser ved utval av sau som skal få vera på Horgo. For tidleg
lemming vert ikkje tolerert og denne sauen vert luka bort. Osv.
Beitestell består av sviding av lyng, gamal lyng vert svidd
i mars mnd. Og det er eit mål at lyngen ikkje bør vera eldre enn 20 til 30
år, så på like mange år bør vi ha svidd heile øyas lyngheiar.

Resultat:
Av desse 130 overvintra sauene vi har på Horgo har vi ein
avdrått på ca. 0,9 lam pr. overvintra sau. Gjennomsnittsvekt på leverte lam
er på ca. 9 kg. Lammevekta har auka noko etter at vi kom i gang med lyngsviding
på øya.
Kjøttet av desse dyra er førsteklassisk gourmémat berre med
litt salt og peppar.
Eit godt råd før du smakar på villsaukjøt: Ikkje vent at
det smakar sau, men ver open for nye spennande smakar.
Lars Erling Horgen
Jordbrukssjef og villsaueigar