Åse mandag  10. november  2003

Til medlemmene i laget.

Nå er det lenge sia sist dere medlemmer høyrte noko frå oss. Men vi i styret jobber med mange ulike saker, som vi vil koma tilbake til etter kvart.

Nå er me allereie kome langt ut på hausten og eg håpar alle har fått heim mange fine sauer og lam frå fjell og hei.

Parringssesongen er like om hjørnet og dei fleste har nå sikkert fått seminværkatalogen for 2003 frå NSG Semin i postkassa. Me i styret har med rette fått mange henvendelser frå oppgitte og sinte medlemmer om dei værane som står oppført i denne. Tre av værane som står avbilda / omtala i katalogen vart tekne inn til seminutak året før Landslaget for gammalnorsk spælsau vart skipa. Dette er hhv.”Maihaugen”, ”Rusten” og ”Odin”, desse værane er ikkje vårt valg. Dei vart tekne ut av representanter frå Landbruksmuseet. Desse værane er ikkje reinrasa. Då representanter for laget hadde kartleggingsrunden sin av gammalnorske spælsau vinteren 2001/2002 vitja vi mellom anna buskapane der desse værane kom i frå. Vår konklusjon er at desse dyra var innblanda med 25 til 30 % villsau. Det er svært uheldig at desse har kome med. I år fekk me ikkje ta inn nye værar til seminstasjonen på Staur, men det finns semin på lager frå fleire gode værar som laget vårt sjølv har valgt ut. Nærmere orientering om andre værar finn dykk ein anna stad i bladet.

For framtidige seminværar krevs det at ein gjennomførar blodprøvetaking med hensyn på eventuell mædi i besetningane. Det er og i vår eiga interesse at me får god oppslutning om det. Underteikna fekk sjølv gjennomført ein slik test i haust. Det er spesielt viktig for ein slik  liten rase som den gammalnorske spælsauen representerar med tanke på det omfattande livdyrsalget som forekjem. Ein mædiehistorie i vårt miljø kan få katastrofale følger for rasen.

Me bur godt spreidt rundt i landet og prøver og å fordela årsmøta våre til ulike distrikt. Neste årsmøte er planlagt lagt til Rogaland 6-7 februar 2004.

Eg kan ellers nevna at det ikkje berre er vi som syslar med gamle husdyrrasar, (sjølv om ein av og til kan føla seg aleine). Eg var nett i Sverige på ein konferanse i regi av NGH (Nordisk Genbank Husdyr) der eg eg var valgt ut til å møta andre representantar i Norden for å diskutera sau og geit.

I Danmark ble det danna eit eige lag for gammalnorsk spælsau sist vår. Gratulerar!

Det har og kome forespørsmål om å eksportera ei sending med sau til Astrid Lorentzen i Brasil, men det blei ikkje gjeve importløyve frå Brasilianske myndigheitar.

Me i styret får mykje hyggjeleg og god saueprat med andre medlemmar i laget, men me ynskjer og skriftleg matriale som me kan vidareformile i medlemsskriva våre. Vi veit det finns mange ressurspersonar som heilt sikkert har mykje å bidra med av likt og ulikt. Alle er velkomne.

Eg håpar du nå har sett deg godt tilrette på  saueskinnet og finn noko interessant å lesa i bladet vårt.

Ein fortsatt god haust ynskjer eg folk og sau

Helsing Lars

Bli medlem i Landslaget:  Lars Tyssebotn     e-post: tyssebot@c2i.net    Tlf: 56 55 81 92