Den norrøne Sauen i globalt perspektiv

Som husdyr vart sauen tamd alt i førhistorisk tid. Han har fått ei utbreiing som femner over mest alle delar av verda der folk bur. På verdsbasis skal det i dag finnast over 1 milliard tamsau, fordelt på alle kontinenta. Dette motsvarar omlag 1/5 sau på kvart menneske. 

Under barske og vanskelege vertilhøve, som i Island og Grønland, stig leiardyra fram. Flokken held då saman, til dømes ved å gå på ei rekkje i tung snø, eller ved å slå seg heilt til ro og lite på ullpelsen dersom vergudane vert for harde. 

Sauen sitt fremste særpreg er den store tilpassingsevna. I pakt med vekslande levekår og klimatilhøve er det utvikla eit stort tal rasar over heile verda. Hjå dei fleste er mule- og kjevepartiet særs veleigna for utval og nytting av ymse slags plantekost.     

Sauen har tilpassa seg dei fleste naturtilhøva på jorda. Han finn seg til rette såvel på solsvidde sletter nær ekvator som under polare isbrear.                                  Arkivfoto, Sau og Geit

 Hjå oss er den normale matsetelen gras, urter og lauv, men dersom det knip vert bar og beit, bork og bast, reinlav og lyng, tang og tare teke inn med friskt mot, anten som tilskott inne eller ved sjølvplukk ute. Ja, endå sjøvatn kan i ein viss mon gjere tenest i kyststroka dersom ferskvasskjeldene skulle tryte. I unge skogplantefelt kan sauen vere ein fullgod gras- og krattrydjar, under føresetnad av at ernæringstilstanden på førehand er avbalansert og god og at arealet er høveleg stort. 

Det mest fascinerande ved sauen er likevel ullpelsen. Det er først og fremst ulla som gjer at sauen kan tilpasse seg både bitande kulde, vind og våtver og steikande solvarme. Rasar som er utvikla i kalde og verharde strok har jamnast to ulltypar, ein tett, ofte fin- eller medelsfibra underpels, med grov dekkull eller dekkhår som overpels. Sauer i tørre og varme strok har oftast einsarta ullpels av det finfibra slaget (merino). Mellom desse to yttergrensene finn vi alle tenkjelege variantar. 

Granskingar har vist at under sterk varme og sol, til dømes ved 38' celsius, aukar hudtemperaturen på merinosauen med tre grader og pustefrekvensen vert dobla dersom ulla vert fjerna. Ulla er såleis like verdfull i ekstra varmt som i ekstra kaldt miljø. 

Den store tilpassingsevna er likevel ikkje utan grenser. Tanken om at tamsauen nærmast skal greie seg sjølv og likevel gje utbyte, er ei fåfengd innstilling som heldigvis på det næraste er borte. 

Retur