Frå vikingtida til svartedauden  

Blad frå ættesogene og andre kjelder 

I vesterlei  

For temmeleg nær 1000 år sidan, hausten 999, stranda eit islandsk skip på Herjolvsnes i Grønland. Folket vart godt motteke av bonden Torkjell, endå det var kome uår til landet berre få år etter at folk frå Noreg og Island hadde busett seg der.

Det vert fortalt at spåkona Litlevolva drog omkring på gardane til folk som ville høyre om forloga si, og nett på denne tid tok ho inn til Torkjell. Her får vi høyre at dei laga ein rett åt henne av hjarto åt allslags kvikjende saman med ein graut kokt på geitemjølk. Dette viser at landnåmsfolket frå Noreg hadde teke med geiter heilt til Grønland.

Det finst ei rekkje andre soger frå denne tida som fortel kor utbreidd småfeet var. Då bonden Ottar frå Hålogaland tok teneste hjå kong Alfred den Store i England mot slutten av 800-talet, fortalde han mykje om handelsferder og jordbruk frå heimetraktene sine. Mellom anna at han hadde både storfe, småfe og grisar på garden sin, kring eit tjaug (20 stk.) av kvart slag. Dette vart innteke i eit engelsk/latinsk sogeskrift.

Frå Færøyane er det fortalt at brørne Breste og Beine let sauene sine beite på den ubudde øya Litla Dimun saman med kyr som skulle slaktast, ein kombinasjon som ikkje er uvanleg den dag i dag. I denne samanhengen får vi òg høyre at Einar Sudrøying og Eldjarn Kamhatt rauk usams ein dag dei sat ved elden og svidde smalahove. Ordstriden enda med at Einar preparerte hovudet til Eldjarn i staden, ein feide som framskunda store og langvarige ættestridar. 

Vi kan òg slå fast at småfeet ofte hadde eigne gjetarar. I soga om Laksdølene er det sagt at både Helge og Bolle hadde eigne smalamenn i utmarka (det var på den tida det enno var skog på Island). Av teksten går det fram at dette var unge, gløgge gutar, som kunne meir enn å vakte smalen. Men dei hadde sjølvsagt lite å stille opp med når ufredsmenn var på ferde.

Då jomsvikingane var på herjingsferd i Noreg, gjorde dei strandhogg på Herøyane ein gong dei trong kjøt (før slaget i Hjørungavåg ca. 986). Her kom dei over ein mann med 3 kyr og 12 geiter. I første omgang berga han feet sitt ved å love å vise dei større «slakt», i dette høvet Håkon og Eirik jarlar som låg med folk og skip i nærleiken.

Andre kjelder fortel at den illgjetne færøyhovdingen, Trond i Gata, hadde alle hus fulle av ull, og at han neiste mennene sine avdi det gjekk for tregt med å kome seg til Noreg for å selje eller byte bort ulla.

Sjølv om sogene ikkje er sanne i detalj, kunne dei knapt hatt med så mykje om småfeet og småfeprodukta dersom smalen ikkje hadde viktige funksjonar i dagleglivet og i samhandelen mellom Noreg og Vesterhavsøyane. 

Frå Adam av Bremen til Snorre Sturlason  

Fleire opplysningar om småfehaldet og livet på bygdene skriv seg frå utanlandske kjelder. Vi har alt sett at Alfred den Store frå England tok med Ottar sine skildringar frå Hålogaland i eit større sogeskrift. No skal vi høyre kva den vise Adam av Bremen seier om landet vårt midt på 1000-talet: «Det begynner der fjellene stikker ut i havet som vanligvis kalles Det baltiske hav. Deretter krummer det ryggen mot nord, og strekker seg i en bue langs randen av det skummende verdenshavet. I De ripeiske fjell, der hvor jorden selv ikke orker mer og tar slutt, når landet til sist sin grense.»

På grunn av desse barske tilhøva heiter det at Noreg er «det minst fruktbare av alle land og passer bare for fedrift. På samme måte som araberne, lar de feet beite langt ute i ødemarken. De får sitt livsopphold av feavl, de bruker nemlig dyrenes melk til mat, og ullen til klær». Endå eit vitnemål om at sauen og beitebruket var livsviktig.

Snorre Sturlasons kongesoger (Heimskringla) vart ikkje nedskrivne før på 1200-talet, men dei strekkjer seg fleire hundre år bakover i tida. Snorre fortel at då Olav Haraldsson (Olav Digre, Olav den Heilage) var liten, høvde det seg slik at stykfar hans, Sigurd Syr på Ringerike, ein dag bad Olav om å sale hesten. Det vesle kongsemnet likte ikkje denne ordren. I staden gjekk han bort i geitehuset, tok den største bukken, la sal på den og leidde han fram for stykfar sin.

Ei anna soge om kongsemnet og bukken finn vi endå litt før, om Olav Tryggvason (f. ca. 968). Då han var liten var dronning Asta, mor hans, stendig på rømingsfot. Det var Gunhild og sendemennene hennar som var på krigsstigen. Sistpå ville Åsta røme til Gardarrike, men på ferda vart dei overfalne av vikingar frå Estland, som tok alle til fange. Olav (3 år) og fosterbror hans vart selde til ein mann i Estland som heitte Klerk. Han gav ein drusteleg bukk for gutane. Klerk selde Olav vidare til Reas og Rekon, som laut ut med ei god kufte for den emnelege guten.

Slike soger vert vel ofte oppfatta som krydder eller underhaldning. Men samanstilte med andre opplysningar kan dei seie meir om si tid enn vi ofte tenkjer over. I dette høvet må vi kunne dra den slutninga at dei, i alle fall på storgardane, hadde eigne hus eller rom til geitene alt for 1000 år sidan, og at ungane også på den tid nytta bukkar til å køyre med. Vi ser òg, som vi snart får stadfest av andre kjelder, at både bukkar og ullty vart nytta som betalingsvarer. Bukken var vel kanskje mest gangbar i det vi må tru var venskapeleg handel, for i Gulatingslova er ikkje geita godteken som oppgjer for skadebot.

Soga tyder på at ungane brukte bukken til køyrehest alt for 1000 år sidan. Men vi kan ikkje vite sikkert korleis bukken og køyretyet såg ut. Bukken vart også mykje nytta som bytevare og betalingsmiddel. 

 Etter teikning av Otto Valstad i Norsk Barneblad.

Lovverk. handel og daglegliv  

Gulatingslova, omarbeidd og stadfest av Olav den Heilage kring 1020 og Magnus Erlingsson i 1163, gjev magne føresegner og påbod om varehandel, rettsbøter og anna. Desse gjev innsyn både i verdetilhøve mellom ulike vareslag, betalingsmåtar og folkeliv, og dermed ein god mon om småfehaldet sin plass og status i samfunnet. Mellom anna var det streng samanheng mellom det som kunne nyttast og det som kunne tynast i naturen. Såleis skulle den som veidde eller fann kval, skjere denne i sjøen og ikkje bere han opp på grøn torve. Dersom så likevel vart gjort, og der voks så mykje gras på staden at sau og lam kunne leve av det om sommaren, skulle skaden bøtast. 

Vadmål og andre oppgjersvarer

Det vegne verdimålet var 1 mark sølv. Marka var delt i 8 øyrar. Men sølvprisen varierte og legeringskunsten førte til uvisse om myntverdien. Det vart uråd for mangmannen å følgje med i valutaen.

Dermed kom vadmålet inn i lovverket som hard valuta og pengemål. Vadmålet kunne alle døme, for dette tyet var livsviktig anten det galdt gangklede, overbreidsle eller segl. Så vart 6-alnesøyren det viktigaste verdemålet og betalingsmiddelet. Standarden var eit 6 alner langt treskjeft vadmålsstykke, truleg tvialna (to alner breidt) etter det gamle alnemålet (47,8 cm). Dette var verd ein øyre.* Vevereiskapen var uppstadgogn (sjå teikning). Seksalnes-øyren heldt seg utruleg stabil gjennom hundreåra. Så seint som i 1312 er det nemnt at restskulda for ein bygard i Bergen på 30 mark (240 øyrar) skulle gjerast opp med 1500 alner vadmål (250 øyrar) eller andre pengar som var like gode. Då var første delen av betalinga alt oppgjord med 50 islandske huder, 25 islandske bukkeskinn, 18 norrøne bukkeskinn, 6 geiteskinn, 45 norrøne saueskinn, 500 alner vadmål, 3 laupar smør, 40 alner av det vadmålet som kallast havnarvad og 3 mark brent Sølv.

Vadmålet, ved sida av bukkeskinn, geiteskinn og saueskinn, var såleis av dei aller viktigaste betalingsvarene. Vadmålet tapte seinare terreng, medan bukkeskinn, bukkar, horn, pelsar og talg av småfe var hard valuta i endå 500 år.  

Vadmålet var eit viktig betalingsmiddel i hundreåra kring vikingtida. Her ser vi veving på ei enkel uppstadgogn med kliåsteinar i renningen slik Røyne Kyllingstad har tenkt seg.                                   Teikning av Røyne Kyllingstad

Samhøvet mellom prisar og vareslag 

For å skjøne oppgjerssystemet må vi kjenne litt til innbyrdes pristilhøve mellom vareslaga. Asgaut Steinnes har vist at den norske marka i gammal tid var 214,32 gram (= 3 forngilde merker). Ut frå Steinnes sine granskingar og oppteikningane i Gulatingslova, kan det setjast opp følgjande skjema for dei relative verdiane av småfeprodukta på 1000-1200-talet.      

1 forngild mark = ca. 1/3 mark brent sølv (reint sølv).

1 mark brent sølv = 214,32 g sølv

= 8 øyrar a 26,79 g = 24 ertogar a 8,93 g = 240 peningar a 0,8931 g, alt målt i sølv.

Berre peningen vart utmynta, men han vart etter kvart så oppblanda med kopar at han tapte sin opphavlege verdi. Derfor: 

1 kyrlag = ei lytelaus ku som har hatt minst to kalvar, men er yngre enn 8 vintrar = 1 forngild mark sølv eller 2 1/2 øyrar.

1 kyrlag var òg jamt med ca. 6 sauer eller geiter (seinare også 3 laupar smør eller 3-4 laupar talg). 1 småfe = ca. 1-1 1/2 ertog.

6 alner vadmål (hovudvaluta) = 1 øyre.

15 alner vadmål =  2 1/2 øyrar eller 1 kyrlag.

1 mark gull = 120 alner vadmål = ca. 50 småfe = ca. 8 kyrlag.

Dessutan kan nemnast landøyren. Dette var ei slags innvandringsavgift på 1/2 mark (4 øyrar) til kongen av karmenn som fór mellom Noreg og Island. Denne kunne løysast med 6 alner vadmål (1 øyre) og 6 skinn (a 1/2 øyre). Men kva slags skinn? Truleg var det reidde saueskinn med pelsen på (blåskinn) eller anna pelsverk.

I røynda var det vadmålet og kyrlaget som var verdemålet. Skinna vart meir presist definerte seinare.  Ertogen for småfeet kan sjå lite ut, men i røynda var det nok ikkje så lite. I «Tjuvbolken» (Gulatingslova) heiter det: «Um nokon stel ein ertog, eller meir enn ein ertog, er han utlæg og kan drepast. Um nokon stel rått kjøt av firføtt dyr, då er han utlæg endå um han stel berre eit nattgamalt lamb.» Det var harde bod.

 Retur