Lovverket og ullsegla  

Vi kan sjå av lovverket at ullseglet var ein viktig del av landvernet (til krigs- og forsvarsskip). Det ligg i formuleringane at folket var pålagt ei sterk dugnadsplikt innanfor skipreida når skip skulle byggjast eller vølast. Dersom seglet ikkje var ferdig til fastsett tid, måtte dei ansvarlege leggje heile tre merker i bot, og «um nokon gjer sitt, men ikkje andre", var det ein øyre i bot for kvar alen duk, og ein øyre for kvart trådnyste som vanta. Det vil seie 2-3 sauer eller seks alner vadmål (Gulatingslova).

Stort meir finn vi ikkje om seglproduksjonen i lovene, heller ikkje i dei gamle kongesogene. Sjølv om segl og skip er framstilte som høgstatusprodukt, høyrer vi lite om dei som stod bak produksjonen. Det er kongar, krigarar og ytre bragder som vert skildra.

Det er likevel heilt klårt at det låg både spesialkunnskap, handverkskunst og organisasjonstalent bak eit ullsegl på t.d. 100 m2. Ruing av sauen, skiljing av dekkull (dekkhår) frå botnull, spinning på handtein, veving på uppstadgogn, stamping (valking), impregnering, sying og alt som elles skulle til, kravde ein formidabel innsats. Arbeidet måtte også utførast etter spesielle kriterium for å tene sine spesielle føremål, og som nemnt måtte det vere ferdig til fastsett tid.

At seglet derfor var særs verdfullt går fram av Magnus Lagabøtes landslov av 1274. Lova gjev følgjande påbod om varveitslinga:

«De skal ta vare på seilet som er de mest skjønnsomme. Alle håseter følge seilet til kirken, og alt redskap, og forvalte det så at det ikke tar skade. Men om kirken brænder har bøndene selv ansvaret om ikke nogen setter ild på med vilje.»

Ut frå dette påbodet er det ikkje merkeleg at mange restar etter segl frå mellomalderen er funne i gamle kyrkjer. Ymse undersøkingar, mellom anna ved Skibshistorisk laboratorium, Vikingskipshallen i Roskilde, viser at sjølve seglduken har vore laga av rein ull. Dekkulla er fråskild og nytta til renning (varp), botnulla til innslag (veft). Dei to trådtypane er spunne kvar sin veg. Granskingane viser at duken har vore impregnert på ymse måtar, mellom anna med småfetalg, lyse, tretjøre og andre naturprodukt i tillegg til lanolinet i ulla. Liktauet vart laga av hestetagl.

 Retur