Den norrøne sauen og produksjonsmåtane  

I den seinare tid er det gjennomført eit omfattande arbeid for å finne fram til dei gamle teknikkane og om mogeleg rekonstruere produksjonsmåtane for seglduk og andre tekstilar. Då er analysane av spinne- og vevemåte, trådtvinn, tettleik, impregnering og anna ei god rettesnor. Men det fortel langt frå alt.

Arbeidet med sluttprodukta byggjer også på innhenta informasjon om ullhandsaming og gamle arbeidsteknikkar frå levande tradisjonsberarar i Island, Shetland, Færøyane og kyst-Noreg. Denne kunnskapen, saman med prøving og feiling, gamle tyrestar og analysane av dei, har gjort det mogeleg å leve seg attende til dei gamle produksjonsmåtane. Dette har på si side ført til rekonstruksjonar, mellom anna av gamle ullsegl, som viser suverene eigenskapar til sine føremål. Amy Lightfoot frå Hitra (opphavleg frå USA), har stått i alle fremste rekkje både med innsamlings- og utviklingsarbeidet.

Vi kan her berre gje eit ufullstendig resymé av dei viktigaste arbeidsprosedyrane, men vonleg nok til å syne ein kvardagskunnskap frå eldre tid som hadde fortent eit større rom enn det soga til vanleg har visst å fortelje. 

Råmaterialet

Den nordeuropeiske korthale- eller stuttrovesauen, eit produkt av arv og miljø gjennom tusen av år, er hovudopphavet til dei stuttrova etterkomarane som i dag utgjer omlag fjerdeparten av alle sauer i Noreg, spælsauen. Den varianten som står aller nærast opphavet er truleg den vi i dag kallar utegangarsau eller villsau. Denne sauetypen var råstoffleverandør til det meste av tekstilproduksjonen i Norderlanda i eldre tid. Ulla vart ikkje klipt av sauen, men rua eller ruva. Det vil seie at når ulla røyter på naturleg måte omlag midtsommars, kan ulla plukkast eller rivast av. Denne metoden gjev lengst mogeleg ullfiber som dessutan er tettare i rotenden enn ved klipping. Vi får sterkare tråd og mindre innsuging av vatn. Dette var særleg viktig for produksjonen av segl og sjøklær.

Gjeldverar på 2-3 år og toårsgamle ungsauer utan lam, raritetar som notida rister på hovudet av, hadde sin eigen plass. Dei gav beste ulla til ulike spesialføremål, dessutan mykje talg ved slakting .

Agronomisk sett er dette heilt logisk. Næringsoverskotet om sommaren lagrar seg som talg til hausten. Om vinteren og våren slepp dei næringstap til foster og sòglam og får dermed lengre ull. Dei slepp fysiologiske stresstoppar slik som morsøyene, og får dermed jamnare tjukkleik på ullfibrane som såleis gjev både sterkare fiber og jamnare spinnemateriale..

Dekkulla (dekkhåra) er viktig både for toleevna til sauen og for den ytre ullstrukturen. Dei som driv handverk med desse ulltypane, meiner at tilhøvet mellom dekkull og botnull blir mest ideelt i så måte hjå sau som går ute året rundt, og at lanolinproduksjonen i botnulla då blir maksimalt stimulert. 

Skiljing av ulla m.m.

Som nemnt var skiljing av dekkull frå botnull ein omstendeleg, men heilt avgjerande prosess i produksjonen av ullsegl. Berre dekkulla var sterk nok til renning, medan botnulla tovar betre og gjer seglet tett. Denne vart derfor brukt til innslag eller veft. Det skal eit eige handgrep til for å få god og effektiv skiljing av dei to ulltypane.   

Ulike handgrep for skilling av dekkull (dekkhår) frå botnull. Dette har vore levande tradisjon på vesterhavsøyane mest fram til vår tid. Det same geld greiing med dekkullkam. Oldfunn viser at kammane, var kjende før vikingtida. Renningen både i dei gamle og rekonstruerte båtsegla er spunnen av rein dekkull (Amy Lightfoot).    

                                                     Foto DD

 Þodour Tómasson frå Island er ein av dei som har lært notida meir om dette. Til forarbeidet med ulla høyrde også reinsing, kamming og eventuelt dynking med tran (lyse) eller andre glidemiddel. Detaljane vart tilpassa dei formåla ulla skulle brukast til. 

Spinning

I den tidbolken vi no talar om var handteinen kjend som spinnereiskap ved sida av spinnekroken. Handteinen eller spinnehjulet er samansett av ein rund tein med nokk eller krok som trådemnet går gjennom, og ein ring eller ei skive som verkar som svinghjul. Tyngda og storleiken på svinghjulet kunne varierast etter kor fast spinning eller sterkt strekk i tråden ein ville ha.   

Det har vist seg at handteinen gjev beste garnet til båtsegl og ymse andre spesialføremål, mellom anna på grunn av jamt strekk i tråden og best mogeleg føling med arbeidet, betre enn på fotrokken. Spinninga var arbeidskrevjande, men handteinen hadde den føremonen at han kunne nyttast mest over alt, til og med i gjetarskogen.

Analysane har vist at renningen av dekkull vart spunnen hard og rettsøles (med sola), medan innslaget av botnulla vart spunne lausare og rangsøles (mot sola). Dette har mellom anna med spennet i det ferdige stoffet å gjere. 

Vevnad og valking (stamping)  

All vevnad før 1300-1400-talet vart utført på uppstadgogn. Etterpå vart tyet stampa (valka) for å få det tettare og sterkare. Gjennom tidene har det blitt brukt mange metodar til stampingsarbeidet, frå fot- og handemakt til ymse mekaniske innretningar og naturkrefter. Ingen veit fullt ut korleis store stoffmengder vart stampa i vikingtida. Men opplysningar frå Vesterhavsøyane tyder på at større ting vart steina ned med rullestein i sjøkanten, slik at stein, straum, flo og fjøre kunne gjere arbeidet.

Tømmervik tekstilverksted under leiing av Amy Lightfoot har laga fleire segl omlag etter dei prosedyrane som er nemnde framanfor saman med ei rekkje andre detaljar.   

Gamal seglrest frå Sogn. Telne (liktau) og kvarde (ytterdel, brem)  Maihaugen Museum Seglstoff framstilt etter eldgamle teknikkar, veve i 3-skaft kiper og med handsortert dekkull til renningsgarn v. Amy Lightfoot.                                                                       Foto DD

    Etter stoffkvalitet og funksjon vurderer fagfolk det slik at dei er komne temmeleg nær den segltypen som vikingane brukte. Frode Bjøru frå Jøa har sydd saman seglduken, mest mogeleg på grunnlag av gamle funnrestar, men også ved hjelp av eigne eksperiment.

Amy Lightfoot har utegangarsau med ull som er brukt i produksjonen av seglstoffet som er veve i 3-skaft kiper. Ho driv såleis forsøk som er knytte til samanhengar mellom gammaldagse driftsmetodar, handverkstradisjonar og ullkvalitetar.

Lightfoot A. 1993. Fra Lynghei til kirketak. Fortidsvern nr. 4/93, Oslo

Lightfoot A. 1990. Et logisk samspill mellom natur og kultur. Kysten, nr. 4/90

Lightfoot A  1991 Villsauen. Meget verdifull ressurs som må vernes. Kysten, nr. 4/91

Heile arbeidsmengda for eit segl på omlag 100 m2 er kalkulert til minst 5 årsverk etter dei gammaldagse metodane. Vekta pr. m2 ferdig segl er omlag 1,1 kg.

 

Andre ullprodukt  

Før vi slepper den eldste ullsoga, må vi òg nemne litt om den daglege kledebunaden. Ymse draktfunn, figurar på treskurd og vevnad, oppteikningar i litteraturen o.l. har gitt ein peikepinn om dei mest vanlege klesplagga. Konklusjonen er at det aller meste var laga av vadmål eller anna ullty, i alle fall til vanlege folk, så som skjorter, kjortlar, brøker, kjolar, hoser og kapper. Dei fleste funna er av brunt eller svart ullty, men andre fargar kan òg ha blitt nytta. I Kongsspegelen heiter det at ein også kunne bere kjortel med raud eller grøn let. Kantar, selar o.l. kunne vere styrkte og prydde med dekorerte band (brikkevev). Til overkapper ute vart det ofte nytta bukkeskinn, og til hovudplagg brukte dei ullty, skinn eller berre eit band. Om Litlevolva, som er nemnd tidlegare, heiter det at ho bar ei svart lammeskinnshette på hovudet, som var kledd med kvitt katteskinn. Men dette var om vinteren i Grønland.   

Retur