Frå 1600-talet til ca. 1900

Sauen og ulla  

Dei fleste kjeldene frå 1700- og 1800-talet fortel at sauen først og fremst vart halden for ulla si skuld. Men sauen hadde vanskeleg for å trivast. Dette er i ettertid forklart med svak innefôring og for mørke og varme rom om vinteren. Men sauen hadde òg vanskeleg for å ta seg att om sommaren, mellom anna fordi han måtte tvangsgjetast saman med storfeet om dagen og vaktast i grind om natta på grunn av rovvilt. Dette medverka til dei store snyltarplagene som dei den gongen visste lita råd mot.

I det heile var det nok ikkje berre gildt å vere sau i denne tidbolken. Han fekk ord på seg for å vere lite lønsam. Men ulla kom dei ikkje utanom, til dagleg arbeidsty, sengklede, båtryer og anna sjømannsutstyr. Til slikt bruk var den gammaldagse ulltypen med dekkull og botnull suveren, spesielt så lenge dei ruva ulla av. Petter Dass har sagt nokre ord om dette òg:  

Naar Aaret fremløber til Korsmesse Tiid,  

Maae Folket paa Landet opagte med Fliid,

    Den fuldmoeden uld at afrive... »  

Saueimportane

Embetsfolket og andre av høgare stand ville ha inn nye sauerasar, eller det dei kalla «forædlede faar» for å vøle på armoda. Dei meinte at det først og fremst var rasen det var noko gale med. Så er det også dei mange importane, og den «uskjønelege» motstanden mot innføringa av desse frå bøndene si side, som pregar mykje av det som samla er skrive om sauehaldet i eldre tid. Eg tar derfor berre med eit stutt samandrag om saueimportane her.

Frå midten av 1700-talet, og truleg lenge før den tid, vart det til fleire landsluter ført inn ulike sauetypar av engelske og spanske rasar, mest på initiativ av embetsfolk og proprietærar. Det Kgl. Selskab for Norges Vel og landhushaldsselskapa heldt fram med arbeidet frå først på 1800-talet, noko som seinare delvis var støtta av det offentlege gjennom statsagronomane. Det vart oppretta stamsjæferi som skulle sørgje for spreiing av materialet til bønder og embetsfolk.

Det skorta ikkje på agitasjon for dei nye rasane og kritikk mot den gamle. Spesielt galdt dette ulleigenskapane. Så seint som i 1883 sette veterinær C. Schmidt opp eit reknestykke i ei lita lærebok om sauehald, som viste 1 øre i forteneste av ein vanleg sau, medan «et forædlet faar» gav ei avkastning på kr. 7,86.

Det kom likevel inga fart i foredlingsarbeidet, og det som skjedde var tilfeldig og planlaust. Gong etter gong vart det meldt om liten framgang. Den offisielle forklaringa på dette var den vanlege: Konservativ motstand frå bøndene si side, otte for det framande osb. Men dei røynlege årsakene var langt meir rasjonelle. I praksis sette dei nye dyra større krav til miljøet enn det vanlege småkårsfolk kunne by på den tid. Dei stod seg heller ikkje betre mot rovdyra, og under elles like forhold var dei like utsette for snyltarplager. Resultatet var at kryssingane «udartet» og vart om lag som dei gamle.

Hans Strøm fortalde at «baade Mænd og Kvinder klæde sig i Almindelighed i Vadmel som væves overalt». Kleda var innretta etter ulik «Syssel og Handtering», slik at fjordfolket brukte anna yttertøy enn dei som hadde «med Søebrug at bestille».   

Hans Strøm fortalde at «baade Mænd og Kvinder klæde sig i Almindelighed i Vadmel som væves overalt». Kleda var innretta etter ulik «Syssel og Handtering», slik at fjordfolket brukte anna yttertøy enn dei som hadde «med Søebrug at bestille».   

 

Bonde og fiskkargut på 1700-talet. Vadmål og bukkeskinn utgjorde mykje av kledebunaden.         (Etter Hans Strøm)    

Når ulla etter dei nye sauene skulle takast i bruk, spesielt galdt dette merinoulla, fekk folk problem med å tilverke denne etter dei tradisjonelle måtane. Sjølv om hovudformålet var å få betre ull på sauen, var det nettopp ulla som gjorde at t.d. merinosauen aldri fekk fotfeste her i landet.

Størst var nok ulempene ved den nye ulla i kystdistrikta, til dømes ved tilverking og bruk av skipsryer, sjømannsvottar og andre sjøklede. På grunn av sterk krymping under bruk, større innsuging av vatn m.m., heldt dei ikkje mål i høve til dei stampa og tøvde vadmålsstoffa og nålebundne varene, der dekkulla var stabilisator. Etter ei tid sette Norges Vel krav om at importsauer ikkje skulle vere av merinorasen dersom dei skulle støtte importen.  

Først mot slutten av 1800-talet, då parolen vart meir kjøt og ikkje for fin ull, tok kryssingsdyra til å slå gjennom, men då etter kriterium som bøndene sjølve og lokale tenestemenn sette. 

Behov og tilverknad  

Sjølv om handelen i denne tidbolken var aukande, var sjølvbergingshushaldet framleis berebjelken i store delar av landet. Folketalet var sterkt aukande, frå 550 000 kring 1720 til 880 000 i 1801 og 1490 000 i 1855. Av desse levde omlag 200 000 (vel 13 %) i byane, resten måtte finne utkomet sitt på landet. Her var det registrert 113 000 gardsbruk (dels sjølveigarar, dels leiglendingar). Husmannsvesenet nådde toppen med omlag 65 000 husmannsbruk. Dessutan er det kalkulert med ca. 50 000 husmenn utan jord, dvs. slike som livnærte seg av dagarbeid, fiske, ymse handverk og andre verksernder på landet.

Dette skulle bli om lag 228 000 huslydar på landet i 1855, eller i gjennomsnitt mellom 5 og 6 medlemer pr. huslyd inklusiv kårfolk, born og tenarar, som totalt hadde 200 000 byfolk som mogeleg marknad i tillegg til lokalmiljøet.

Vi må ha i minne at husmannsfolket ofte måtte ty til andre innkomer enn det arbeidet på hovudbruket og plassen kunne kaste av seg. Ei gradvis spesialisering innanfor bygdenæringane var i utvikling, sjølv om fortenesta ikkje kunne bli stor: Leigespinning, garving, skomakararbeid, smiarbeid, krøtterhandel o.a.

Under slike vilkår måtte småfehaldet for mange bli eit endå viktigare supplement enn før. Sjølv husmenn utan jord kunne ha 2-3 småfe som dei samla fôr til i utmarka og langs allfarvegen. Ulla stod framleis høgt i kurs. Tenestejentene, som hadde mindre løn enn drengene, hadde i staden rett på ull og spinnetid. Dessutan var det vanleg at dei hadde rett på fôr til ein sau og avdråtten av han. Dette var ein eldgammal skikk.

Etter tidsregisteret til Rasmus J. Vassbotn (1749-1821), som førte bok over viktige hendingar heile sitt liv, ville styresmaktene ha slutt på denne forma for konkurransevridning. 1 1776 kom det ei forordning, den gongen frå Kjøbenhavn, som forbaud ekstraløn til tenarar, såleis «ei heller Soude-foed (som brugtes). Eller halvegarn eller noget saadant. Hvo som her udi fant sig Skyldig hand skulde straffes». - «Strængt for tieneste folkene,» skreiv han i margen.

Det er likevel ikkje visst kor strengt forordninga vart etterlevd. Frå Voss er det sagt at tenestejenta i tillegg til 4 dalar i løn skulle ha fôr til ein sau pluss 12 alner vadmål og åker til ein ask (ca. 17 1) poteter. Drengen hadde 6 dalar, men berre 9 alner vadmål og ingen sau eller potetåker. Andre stader er det fortalt om liknande ordningar.

Ullkorga og rokken var såleis fast kjøkkeninventar i mest alle hus og hytter over heile landet. Kardene raspa og rokken surra i store delar av dagen og året, til eige bruk, leigespinning og kanskje litt for sal. Tråden var minimumsfaktoren, veving og strikking gjekk snøggare.

Christian Rekkedal fortel frå sin barndom kring 1890 om utejenta (budeia): «Ho Anna set seg til rokken so fort ho kjem inn, for no er dei i full sving med spunaden, reine onni. Det var ikkje lite å spinna all ulli av tjuge-tretti sauer. Ho Anna hadde sekstan merker ull for sumaren. Til det kom ulli av sauen hennar med tvo lomb. Ho hadde slik sauelukka. Alt dette hadde ho rett til å spinna og veva til seg sjølv.»

Eilert Sundt har fortalt at kvar huslyd i Berg og Torsken i Troms jamt over vov 22 m ullty i 1864. Dette høyrest ikkje for mykje ut, når ein veit at kvar tenar gjerne skulle ha 10-12 alner (å 63 cm) årleg. Dessutan skulle kvar familie ha sengklede, ytterty, strikkavarer og andre bruksting. Fiskarane skulle ha båtryer, sjømannsvottar og andre spesialklede, og litt gjekk til prydvev, bandvev og anna. Skinnfellar med ulla på skulle òg dekkje eit behov.

Dei offisielle tala gjev opp om lag ein vinterfôra sau pr. person i denne perioden. Når mange av dei som skreiv om dei gammaldagse sauene talar om ca. to pund ull (1 kg) pr. sau årleg, ofte karakterisert som «væsentlig haar», er det noko som skurrar. Det er vanskeleg å prove mistanken med tal; oppgåvene er ikkje gode nok til det. Men i høve til den store eigenproduksjonen synest det som at anten må sauetalet ha vore monaleg høgre enn det oppgjevne, eller så kan ikkje ullavkastinga ha vore så elendig som embetsfolk og sjæferieigarar ville ha det til. 

 

Ullseglet på retur - båtrya i framgang  

Vi har sett at ullseglproduksjonen var eit viktig handverk i gammal tid. Dette minka gradvis frå 1500-1600-talet, då anna og billegare stoff vart tilgjengeleg, men vadmålet vart framleis brukt til forsterking av ytterdelane i seglet. Det er også døme på at folk laut gjere seg hjelpne med ullsegl heilt til siste delen av 1800-talet, men det fine samhøvet mellom ulltypane, tvinneretning, impregnering og andre detaljar gjekk i gløymeboka.

Ein artikkel frå Færøyane om utror i eldre tid fortel i 1924: «Enn liva menn sum hava ród út vid vadmalssegli, og finnast teir at tei drukku so nógv vatn i seg at tey gördust tung og ólaglig at handfara.» Det levde altså folk i 1924 som hadde rodd fiske med vadmålssegl, men no drakk segla seg fulle av vatn og vart tunge og uhandterlege.

Men om ullsegla etter kvart gjekk av bruk fekk båtrya endå større plass enn før, til vern om liv og helse under overnatting i opne båtar eller rorbuer. Båtryer var kjende så tidleg som på 1400-talet, og i kyststroka har dei vore i praktisk bruk mest fram til vår tid. Rya var til sitt bruk langt betre enn saueskinnsfellen, som vart stiv av sjøvatnet og vanskeleg å halde rein. Så var også ei skikkeleg båtrye på omlag 15 kg ein verdfull eignalut som kunne gå i arv over fleire generasjonar.

Båtrya måtte trekkje minst mogeleg vatn. Viktige teknikkar for dette føremålet var, ved sida av ruing og bruk av dekkull (dekkhår) til renning, å ta vare på dei naturlege feittstoffa i ulla. Alt ullarbeid skulle helst gjerast i varme rom med fuktig luft.   

Gammal rye frå Møre                                       

foto DD

Ny (rekonstruert) rye etter gamle handverkstradisjonar, Amy Lightfoot. 

foto DD

i skikkeleg båtrye varte, ved godt stell, i fleire generasjonar. Når ho ikkje lenger dugde for sjømannslivet vart ho brukt vidare til ymse føremål heime, til dømes i senga, i køyresleden, til hestedekken eller endå på golvet. Elles vart det, i fleire strok av landet, også laga ryer til vanleg overbreidsle i staden for fellar eller dyner.

 

Strikkekunsten kjem til Noreg  

Strikking eller spøting har ikkje så lange tradisjonar her i landet som ein kanskje skulle tru. Mest sannsynleg vart ikkje vanleg strikking kjent her før i den tidbolken vi no omtalar, det vil seie etter at vi hadde gått inn i 1600-talet.

Dette kan synest merkeleg. I Paris skal det ha vore strikkelaug alt i 1268, og i Mellom-Europa skal strikking ha vøre kjent alt frå 1300-1400-talet. I Norderlanda var kanskje islendingane først ute. I alle fall hadde bispen i Hole teke mot strikkavarer av bøndene kring 1580, og i 1624 vart det eksportert 72 000 par strømper og over 12 000 par vottar frå øya. 

Det er vanskeleg å seie kvifor strikkekunsten kom så seint hit til landet. Det var trass alt mykje samkvem med utlandet også på denne tid, og ullarbeid og bruk av ullvarer hadde som nemnt lange tradisjonar. Kanskje var det likevel slik at veving og nålebinding hadde så sterkt fotfeste og dekte så mange føremål at trongen for lausare ullvarer ikkje var særleg stor? Desse spørsmåla får stå opne her.

I alle fall har Målfrid Grimstvedt (etter amtmann de Fine) vist at folket i Dalane i Rogaland laga ei stor mengd «gode ulden strømper» og «knøttede Nattrøyer» som dei om hausten selde til kjøpmennene på Stavangermarknaden. I eit næringsmanntal frå Stavanger er det også nemnt ei kvinne som livnærer seg av å «knøtte hosser» og ei som «spider hosser». Dette var i 1711.

Anne Kjellberg har arbeidd seg lenger attende i tida. I ein artikkel frå Danmarks og Norges Oeconomiske Magazin i 1761, er det fortalt om ei kvinne som ein gong slo seg ned i Bergen og starta «en skole, hvor hun lærte börn at knytte». Dette vart seinare ein mote, heiter det, som gjorde at ein frå den tid slapp å kjøpe engelske trøyer. Dette hadde spart byen for mange 1000 riksdalar, og «jeg synes at samme Kone, i fald hændes Navn var Bekiendt, burde have en Ære Støtte staaende paa Torvet», seier artikkelforfattaren.

Dei fleste funn og kjelder tyder likevel på at dei fleste strikkavarene var importerte. Men ei føresegn for Enkefattighuset i Bergen frå 1660-åra seier at dei som fekk plass der hadde plikt til å arbeide med hendene, «det være sig Spinden, Spolen, Spitten, Vasken osv». Spitten tyder spøting, og indikerer at slikt arbeid måtte være kjent (om det då ikkje er nålebinding det er snakk om).

Nålebinding  

I motsetnad til strikking har nålebinding lange tradisjonar her i landet. Dette er ein spesiell bindingsteknikk som vert utført ved hjelp av ei stor, brei nål av bein, tre eller metall. Denne kunsten var ei tid i ferd med å gå i gløymeboka.

Korrekt utført nålebinding av tjukt, fleirlagt ullgarn gjev eit utruleg tett og solid materiale som eignar seg for toving. Plagga blir nærmast tette både mot vind og væte. Spesielt i eldre tid, med andre behov enn i dag, var teknikken veleigna for binding av vottar, hoser, huver (hattar) og ymse andre bruksplagg som kravde slitestyrke og tettleik.   

Nålebinding med flat nål. To handgrep av bindinga (Øvst). Under ser vi eit par ferdige produkt og eit vasskjerald med tovingsfjøl (Ingebjørg Karmhus demonstrerer).   foto: DD

 

Til pryd og nytte

Vi kan ikkje slutte oversynet over bruken av ulla utan å nemne litt om kunstveven. Når denne i større eller mindre grad kunne haldast i hevd gjennom hundreåra, kom det nok også av at det ikkje berre var reint kunsthandverk. Det meste var ein kombinasjon av pryd og nytte i dagleglivet. Etter reformasjonen i 1536 fekk vi ei oppattnying av biletvevnaden over store delar av landet. Mykje tyder på at mange av motiva var henta frå danske og tyske biletbiblar.

Anders Skrede har fortalt at biletvevnaden fekk ei lang og rik etterbløming, spesielt i Gudbrandsdalen. Frå denne tida finn vi der ting som høgseteklede,  brureklede m.m. til høgtidsbruk. Men vi finn ôg eit stort tal av høgjende (putetrekk) og andre bruksting. Jamsides med dette finn vi flensvevnaden, ein slags dobbelvev med geometrisk mønster, og andre variantar med emne frå fugle- og dyreliv. Men frå siste halvdel av 1700-talet gjekk det fort attende med biletvevnaden også i Gudbrandsdalen.

Dei som bar fram dette kunsthandverket er for det meste gløymde, men nokre av dei mest vidspurde har fått sitt namn i lokalsoga, som Gullaug Hågå frå Skåbu og Wiborg-Torø frå Bøverdalen. Dei fleste som vov var likevel vanlege kvardagsmenneske, og det meste av den kunstskatten Skrede har skildra er borte. Vevereiskapen var uppostadgogna, med kljåsteinar til strekk på renningen. Mykje kljåstein er funne på setrane, noko som viser at arbeidet vart gjort i ledige stunder under særs enkle forhold.

Då liberalismen vann innpass i 1850-åra og frametter, med hæding og nedvurdering av bygdekulturen, tok folket til å skjemmast over sitt eige opphav. Mykje vart kasta eller misbrukt, men mest vart selt til utanlandske oppkjøparar for ein slikk og ingen ting. Den svenske museumsmannen Arthur Hazelius gjorde ein fangst på 225 floss- og biletvevnader berre i Nord-Gudbrandsdalen. Det er òg dokumentert at ein kreativ hotellmann skaffa 25 billege biletvevnader frå Lom til ein engelsk ven i ei einaste sending. I følgje Arne Garborg hadde slike biletåklede i England blitt betalte med opp til kr. 22 000. (Dette var først på 1900-talet).

Den danske kunsthistorikaren Emil Hannover skreiv om høgjenda i Aftenposten den 22. februar 1914 mellom anna: «De er simpelthen beundringsværdige saa at sige alle. Ja, mange af dem hører med til de ting, hvori man ikke blot forelsker sig heftig, men varig. De bedste norske pudetræk prenter sig i ens erindring med den tydelighed, som altid er tegn paa det træfsikre i kunsten, eller for at sige det stærkere: det geniale.» Men sjølve kasta vi vrak på det beste. Eit stussleg blad i bygdesoga vår, seier Skrede.

Av andre former for pryd- og nyttehandverk av ull kan nemnast bandlaginga. Brikkeveven er ein interessant variant, kjend i Norden frå førhistorisk tid og praktisert fram til våre dagar. Ymse typar av band vart også laga på bandgrind, ved fletting, slønging og andre teknikkar tilpassa føremål og givnad. Også bandveven tente både til pryd og nytte, til selar, hoseband, belte, hårband og border av alle slag.

Vi har også ei rekkje andre døme på avansert handverk, delvis av allmenn og delvis av lokal karakter. Saumaåkle frå Oppdal, grenvevinga frå Kåfjord i Troms og andre variantar er døme som kunne fortent ein breiare plass.  Det er likevel uråd å gå inn på dette her. Men alt er ein viktig del av kulturarven. Sauen og ulla er eit av dei mest typiske døma på korleis naturelementa og mangfaldet kunne sameinast og byggjast saman til ein arbeidskultur som gjorde det mogeleg å overleve i harde og skiftande vilkår gjennom tusen av år.

   
Når vi ser på dei spesielle eigenskapane ved den gammaldagse stuttrovesauen og korleis desse eigenskapane vart utnytta i praktisk arbeid og bruk som livsviktige element i tilveret, er det ikkje vanskeleg å skjøne at folk for 200 år sidan var lite viljuge til å skifte ut den gamle sauen med den nye.   

Eldre grenvev av ull frå Troms. Den eldste kjende spinnereiskapen, spinnekroken, ligg ved. Tråd spunnen med spinnekrok var tjkk og ujamn. Kroken er komen  frå Helga Hansen, Ursfjord i Malangen, som også kunne bruke han (Tromsø museum).
Omtala i Norsk Husflid nr. 1/69 og 1/73.

foto Norsk Folkemuseum

Retur