Reiskap og framgangsmåtar 

Under sjølvhjelpne tilhøve må også reiskapen bli primitiv i våre augo. Ein kan likevel undrast over kva som kunne kome ut av dette enkle og primitive, sjølv om det meste måtte bli av grovare slag. 

Ruving og klipping  

Ruving (ruing) av ulla var det vanlege, spesielt hjå utegangarsauen så lenge han ikkje var blanda med andre saueslag. Men der sauen måtte stå inne heile vinteren, spesielt om det var kryssingssau, vart det vanleg med både haustklipping og vårklipping, stundom også ved juletider. Einskilde stader kallar dei framleis vårklippinga for ruing og vårulla for ru.

Etter kvart som innkryssing av andre saueslag vart meir og meir vanleg frametter 1800-talet, gjekk ruinga av bruk. Klipping med saks vart det vanlege.

Sauen kunne bindast til ein påle og klippast ståande. Men dette gjorde det vanskeleg å kome til under buken og halsen. Derfor var det mest vanleg å sitje på ein halmsekk på golvet med sauen liggjande på rygg i fanget.  

Heimesmidd sauesaks frå Sunnmøre, ca. 1860, 23 cm lang (t.v.). Men: «De engelske Fjcedersaxe er de bedste, og bør disse være gode og skarpe», heiter det i ei lærebok frå 1883.
 foto: DD

Klippestol. «Denne stolen giver baade bequemt Sæde for Klipperen og Leie for Faaret», heiter det om denne stolen. (Fra: Om faarestel af C. Schmid, 1883)  
          

 Når han vart snudd for å nå i ryggen, fekk han beina under seg, og urolege sauer kun­ne då stikke av. Derfor måtte sauen bindast ei stund, båe bakbeina til ein framfot.  

øi og 18 Tommer bred, hvis ene Ende støtter sig op til en liden Fjeldspids eller anden Væg.   «At klipperen sidder paa Marken er i høi Grad ubekvemt og trættende,» heiter det i C. Schmidts lærebok frå 1883. Han tilrår derfor klippestol som vist på biletet. I mangel av ein slik, «kan man også hjælpe sig med en af Torv opsat Græsbenk, 15 Tommer h

Lauging (bading)  

Fleire kjelder viser at det ikkje var uvanleg å lauge sauen før klippinga når det var varmt nok i veret. Opphaveleg var dette mest for å reinska ulla for rusk. Ulla var lettare å handsame etterpå når ho var vaska på sauen enn når ho vart vaska for seg sjølv etterpå. Lauging var òg meir skånsamt mot dei naturlege feittstoffa i ulla. 

Etter kvart tok dei også til å vaske mot avåt (utøy), ein praksis som nådde toppen då saueskabben skulle utrydjast. Det heiter at skabben kom til Noreg gjennom meir eller mindre tilfeldige importar av engelske eller spanske verar på 1700-talet. Det er vanskeleg å få dette sikkert stadfest, men det synest derimot sikkert at skabben kom til Island med importar kring 1750. Skabben breidde seg sterkt då dei på den tid ikkje kjende til effektive rådgjerder. Skabben hadde ôg god grobotn i dei fuktige og mørke husa. Hans Strøm skreiv allereie i 1762 at folk hadde rive ned dei gamle sauehusa og bygt nye for å prøve å bli kvitt plaga.

I denne samanheng fortener gardbrukar og agronom O. Th. Myklestad frå Hordaland ein plass i soga vår. Etter at Søndre Bergenhus Amt hadde kasta bort 32 000 kroner på «den av Professor Barth anbefalede Tjæresalve», vart det i 1861 vedteke å tilsetje folk som skulle studere sjukdommen til botnar for om mogeleg å finne fram til rådgjerder.

O. Th. Myklestad vart då tilsett som assistent, med veterinærmajor Schau som leiar. Etter at skabben sitt utviklingsmønster var betre klårlagt, og ei rekkje vaskeforsøk var gjennomførte, viste det seg at det einaste effektive middelet var eit oppkok av 1 kg usausa tobakk til 20 1 vatn.

Arbeidet vart no meir og meir overteke av Myklestad. Han hadde ei eiga evne til å vinne tiltru mellom folket, og heldt opplæringskurs og demonstrasjonar frå distrikt til distrikt, først i Søndre Bergenhus. Kuren vart også billeg, då ein fekk ordne med tollfri tobakkimport til dette føremålet.   

Gammaldags laugekar for småfe. Til vanlege småflokkar på kvar gard gjorde ein slik stamp full nytte. Denne var i bruk gjennom generasjonar. Tidlegare hadde han solide treband i staden for jarnbanda her. Frå Leksvik i Nord-Trøndelag.

foto:  DD

Arbeidet bar frukter, sjølv om det tok si tid. I amtsmeldinga for Nordre Bergenhus heitte det at «Faareskabssygdommen antages ved Femaarets udløb (1885) at være udryddet». Etter 32 års intenst arbeid var skabben utrydda over heile landet. Han vart frå den tid rubrisert som vondarta sjukdom, med plikt for eigaren til å melde frå til politietaten eller autorisert veterinær dersom nye tilfelle likevel skulle dukke opp.

Myklestad vart deretter kalla til Island, som enno ikkje hadde greidd å kvitte seg med sjukdomen trass omfattande nedslakting. Der vart 600 000 sauer behandla og folk opplærte til å følgje opp arbeidet. Myklestad fekk påskjøningar frå Norges Vel, den svensk-norske kongen og den dansk-islandske stat for arbeidet sitt.

Ein positiv sideverknad av desse aksjonane var at fleire oppdaga verdien av å bade sauene mot altslags avåt. Sauelauging kom meir i skotet, og det vart prøvt med bygdevis organisering. På dei fleste stadene kom det likevel ikkje fart i organisert sauevasking før lokallagsarbeidet i Norsk sau- og geitalslag kom i gang 50-60 år seinare.

Men mange vaska også sauene på personleg initiativ, noko det finst ei rekkje vitnemål om. Såleis skriv Severin Eggebø, f. 1889, mellom anna: «Elles hadde me ein hugnaddag når me fekk gå oppi heimeheia og henta «lusegras», me kalla. Me koka det saman med tobakk og vaska sauene i det. Far var nøye med å halda sauene reine for åt, og så passa han alltid på å klippa dei kring 14 dagar før dei skulle til heia.» 

Aller først ute med offentlege rådgjerder mot saueskabben var truleg Rogaland. Her hadde sauesjukdommane gripe sterkt om seg alt tidleg på 1800-talet. Fleire kjelder fortel at sauene kvar vår strauk med i tusental.

     Kring 1850 kom det strenge forordningar som gav fullmakter til lokale styresmakter om å gjennomføre tvungen bading, forbod mot slepping på fellesbeite og somme stader endå nedslakting i stor stil. Frå same tid vart det tilsett eigen veterinær for fylket. Etter 15 år heiter det at tyngste arbeidet var unnagjort over det meste av fylket.

     Vi kan ikkje sjå bort frå at fleire sjukdommar var medverkande til at så mykje sau strauk med, eller at skabben kanskje også kamuflerte sjukdommar med liknande symptom?

 

Utstyr for karding og spinning

Sjølv om dei fleste vel enno kjenner til dei tradisjonelle reiskapane for ull­handsaminga, skal vi ta med eit stutt utdrag av utviklingssoga. 

Dekkullkammen

var forlauparen til dei yngre ullkardene. Han er stort sett ukjend i dag, men det finst fleire funn heilt attende til vikingtida. Tindane er festa til hjortehorn eller anna hardt materiale. Kammen var spesielt viktig til kjemming av den fråskilde dekkulla, og på Vesterhavsøyane har det til denne tid levd folk som kunne vise bruken av kammen. 

Ullkardene

er kjende den dag i dag, og har ikkje utvikla seg mykje dei siste hundreåra. Det vanlege var større grovkarder, den eine festa til eit tungt bord eller liknande, til forarbeidet. Til sluttarbeidet med ullkrullane for sjølve spinninga vart det nytta mindre handkarder.

Her i landet var ullkarder i handelen i alle fall på 1700-tallet, men dei vart også laga heime. Rasmus Jakobsson skriv i Tidsregisteret sitt i 1813: «Same aar begyndtes af en og anden i Wolden at forarbeide Uldkarer, som før blev kjøbte i Kjøbstederne.”   

Grovkarding av ull med storkarder, demonstrert  av Ingebjørg Karmhus                       

   foto: DD

 

Finkarding av ullkrullar til spinninga. Stundom vart det lagt inn anna materiale for å dryge (eventuelt styrke) ulla. Her er det lagt inn tagl av kurumpe (nedste dusken), ca. 1/ av ullmengda. Frå Rysstad i Valle.   (foto Norsk Folkemuseum)

Mest vanleg- var det med bukke- eller geiteragg. Det sistnemnde kunne òg bli spunne for seg sjølv (raggsokkar). Garn med ragg eller tagl vart ofte nytta til nålebinding.           Norsk Folkemuseum, vist av (Jorunn Rysstad) v/M. Hoffmann.    

Han seier ingen ting om grunnen. Kanskje vart det naudsynt avdi dei var vanskelege å få tak i? Kanskje trong folk pengane til å kjøpe ekstra dyre matvarer (korn) på grunn av krigstilstanden 1807-14?

Kardinga var stort sett kvinnearbeid. Kanskje fekk dei noko hjelp av karane eller unge gutar til grovkardinga, men til finkardinga var det berre dei sjølve som dugde. Småjentene måtte øve seg alt frå 7-8-årsalderen for å bli dugande spinnarar. 

Spinnekrok og handtein er dei eldste kjende spinnereiskapane. Handteinen var delvis i bruk enno på 1600-1700-talet. Han hadde den føremonen at han kunne brukast over alt. Men særleg fort gjekk det ikkje. Det var derfor ein stor framgang når spinnerokken etter kvart kom i allmenn bruk.

Spinnearbeidet vart utført dagleg i lange periodar av året, stundom i samarbeid mellom to. Her spinn Kristiane Ralappen (f. 1829). Camilla Thomassen lagar ullkrullar.                                                      

 Foto : Norsk Folkemuseum 

Mange kjelder seier at det var tyskaren Johann Jürgen som fann opp spinnerokken med trøe, drivhjul, snelle og spindel kring 1530. Dette er nok ikkje rett. Ifølgje Marta Hoffmann vart det spunne på rokk i Europa minst 200 år før den tid. Men han kan ha forbetra dei opphavlege rokkane.

Den «moderne» rokken hadde likevel sine minussider. Då snelle og spindel ikkje går med lik fart, og tråden derfor kan oppvindast på snella samstundes med spinninga, vert tråden stramma meir og meir etter kvart trådsnella tjuknar. Vi får ulikt spenn i tråden, ei ulempe som kunne slå negativt ut for ymse stofftypar. Den enklare skottrokken kjem nærare handteinen i så måte, men denne vart ikkje mykje utbreidd i Noreg.

Endeleg kom dobbelrokken med to sneller. Han var kjend i Spydeberg alt i 1799. Mange meinte at det no kunne bli meir fart i det arbeidssame spinnearbeidet. Etter eit initiativ med støtte frå Norges Vel vart det sett i gang produksjon av dobbelrokkar på Hole i Ringerike, og i 1854-56 henta dei heim ei svensk mamell som heldt kurs i spinning på dobbelrokk. Denne rokken slo likevel ikkje gjennom. Spinnemaskinen var oppfunnen, i 1875 hadde vi 15 spinneri og 14 veveri i landet. Dermed vart yrkesmessig spinning uaktuelt, både som heimeindustri og ved anstaltane. Og for amatørar som berre spann ull til eige bruk og husflidsarbeid vart dobbelrokken for vanskeleg.   

 

 


Ymse reiskapar brukt i arbeidet på vegen frå ull til vev.  I eldre tid vart renningen lagd opp på enkle tregrindar av ulike typar. Denne teikninga er frå Belgia (v/Norsk Folkemuseum). - Men så kom rennebommen og gjorde arbeidet lettare.  
Det var mange typar av hespetre og garnvinder i bruk. Lengst til høgre er ei heimegjord vevskei frå Voss, no på Voss folkemuseum.
   foto: DD

Førebuing til vev og anna  

Etter at tråden var komen på snella, kom eventuell tvinning til tolagt eller fleirlagt garn, noko som også vart utført med rokken. Deretter kom overføring til hespetreet (for garnhesplar), spolemaskinen eller renningsgrinda/rennebommen.

Renningen (varpet) vart i eldre tid lagt opp på enkle grindar. Veveutstyret (uppstadgogna) med vektsteinar i enden gjorde det òg vanskeleg å veve lange, samanhengande stykke. Seksalnesøyren var såleis ikkje berre ei økonomisk, men også ei teknisk eining. Først etter at flatveven (horisontal vevstol) og rennebom med akselfeste i golv og tak kom i allmenn bruk, kunne dei veve om lag så lange tyrullar som del ville.

Mykje småutstyr og mange finessar kan ikkje kome med her. Vi må også rekne med at ymist enkelt, men i eldre tid viktig utstyr, er gløymt for alltid. Eit meir handfast døme på det sistnemnde er den såkalla sprettebogen. Det finst eit par eksemplar av denne på norske museum (e. Trond Eklestuen, Vågå). Det er ein hasselboge med streng av hamp eller ler. Slike bogar skal vere kjende frå mellomalderens Europa til reinsing og løysing av bomull, seinare også ull og dun ved å setje strengen i vibrasjon over ulla. For den eine av dei to bogane er det sagt at han var laga for behandling av ull til spinning. Elles veit vi ingen ting meir om bruken av bogen i Noreg.

Andre teknikkar har òg vore i bruk. Såleis hugsar Nikolina Karmhus frå Leksvik (f. 1904) at dei piska ulla før dei gjekk i gang med reinsing og karding. 

Frå uppstadgogn til vevstol  

Vevarbeidet var truleg det som var best utvikla trass einfelt utstyr. Uppstadgogna med kljågrjot (vektsteinar) var i bruk gjennom hundrevis av år utan større endringar. Gogna stod på skrå opp mot veggen eller anna støtte. Då stramininga på varpet var i nedkant, måtte bommen liggje øvst, og innslaget vart slått oppover. Vevaren måtte såleis stå.

Det er få skriftlege kjelder frå gammal tid om sjølve uppstadgogna i Noreg, endå ho var i bruk over alt. Men frå Island er det kjelder frå 1500-1700-talet som fortel at ein vanleg vevstad er verd 12 alner (vadmål?), ein god 15 og dei beste 20 alner. Då er ikkje skei og kljågrjot medrekna. Det var nok ein svært praktisk måte for vevaren å kunne betale vevstaden med ty. Ein nyare variant av den oppståande vevstaden stod på «føter» og hadde rull på akse både oppe og nede. Renningen kunne då strammast mellom rullane, og vevaren kunne sitlje og slå veftet nedover.

I arbeid ved uppstadgogna. Mykje godt arbeid er utført på enkelt reiskap. (Vist ved frk. Renberg 1959. Norsk Folkemuseum.)

Førebuing til vev og anna  

Etter at tråden var komen på snella, kom eventuell tvinning til tolagt eller fleirlagt garn, noko som også vart utført med rokken. Deretter kom overføring til hespetreet (for garnhesplar), spolemaskinen eller renningsgrinda/rennebommen.

Renningen (varpet) vart i eldre tid lagt opp på enkle grindar. Veveutstyret (uppstadgogna) med vektsteinar i enden gjorde det òg vanskeleg å veve lange, samanhengande stykke. Seksalnesøyren var såleis ikkje berre ei økonomisk, men også ei teknisk eining. Først etter at flatveven (horisontal vevstol) og rennebom med akselfeste i golv og tak kom i allmenn bruk, kunne dei veve om lag så lange tyrullar som del ville.

Mykje småutstyr og mange finessar kan ikkje kome med her. Vi må også rekne med at ymist enkelt, men i eldre tid viktig utstyr, er gløymt for alltid. Eit meir handfast døme på det sistnemnde er den såkalla sprettebogen. Det finst eit par eksemplar av denne på norske museum (e. Trond Eklestuen, Vågå). Det er ein hasselboge med streng av hamp eller ler. Slike bogar skal vere kjende frå mellomalderens Europa til reinsing og løysing av bomull, seinare også ull og dun ved å setje strengen i vibrasjon over ulla. For den eine av dei to bogane er det sagt at han var laga for behandling av ull til spinning. Elles veit vi ingen ting meir om bruken av bogen i Noreg.

Andre teknikkar har òg vore i bruk. Såleis hugsar Nikolina Karmhus frå Leksvik (f. 1904) at dei piska ulla før dei gjekk i gang med reinsing og karding. 

Frå uppstadgogn til vevstol  

Vevarbeidet var truleg det som var best utvikla trass einfelt utstyr. Uppstadgogna med kljågrjot (vektsteinar) var i bruk gjennom hundrevis av år utan større endringar. Gogna stod på skrå opp mot veggen eller anna støtte. Då stramininga på varpet var i nedkant, måtte bommen liggje øvst, og innslaget vart slått oppover. Vevaren måtte såleis stå.

Det er få skriftlege kjelder frå gammal tid om sjølve uppstadgogna i Noreg, endå ho var i bruk over alt. Men frå Island er det kjelder frå 1500-1700-talet som fortel at ein vanleg vevstad er verd 12 alner (vadmål?), ein god 15 og dei beste 20 alner. Då er ikkje skei og kljågrjot medrekna. Det var nok ein svært praktisk måte for vevaren å kunne betale vevstaden med ty. Ein nyare variant av den oppståande vevstaden stod på «føter» og hadde rull på akse både oppe og nede. Renningen kunne då strammast mellom rullane, og vevaren kunne sitlje og slå veftet nedover.

Ein kjenner ikkje fullt ut alle stampingsmåtane i eldre tid. Ein metode skal ha vore å steine tyet ned i fjøra slik at sjø og stein gjorde arbeidet. Elles fortel kanskje nemningane sitt. Både vadmål og stamping kan tyde på fotarbeid i stamp ( Frå Island finst det gamle teikningar som vitnar om dette. Dei kalla det tunnuPof (tønnetoving). Metoden skal også ha vore brukt i Noreg.

Øvst. Stampehus (stampemølle) frå slutten av 1700-talet, no ved Lårdal bygdemuseum. Eksteriøret er delvis rekonstruert

Det er vanskeleg å få full kunnskap kring ulike metodar for vadmålsstamping (valking) i eldre tid, men noko av prinsippet er vist på dette biletet. Til venstre står fleire stampekar på rekkje med høvelg breidd for ein tyrull. Hammaren eller slagtrea vart løfta opp og ned med vasskraft, og banka og slo mot det våte tyet.  

Lengst til høgre (bak veggen) ser vi den tjukke tømmervalsen som vart driven rundt av vasshjulet. Trenabbar på den roterande stokken greip mot tilsvarande innretningar på hammaren, som då vart løfta opp og fall nedatt av eiga tyngd.  

Dette tungarbeidet var nok ein mektig framskuv til at stampinga vart mekanisert på eit heller tidleg tidspunkt. Ved dei såkalla stampehusa eller stampemøllene fekk folk stampa tyet på ein for den tid lettvinn måte. Mest kvart bygdelag hadde ei eller fleire stamper som vart drivne med vasshjul. Mange av desse små verksemdene var i gang til inn i 1900-talet.   

 Retur