Frå fjell og utmark 

Lauv og lav

Lauv

Også lauvinga har utgamle tradisjonar, og var truleg første haustingsmåten for lagring av vinterfôr her i landet. Snidelen eller lauvkniven var enklare å lage enn ljåen. Dessutan kunne gode nevar både bryte og raspe greiner med lauv i monaleg omfang. Den som først tog seg lauvskog i eit område, kunne rå over teigen så langt som han kunne kaste snidelen (Gulatingslovi).
    I den tidbolken vi no omtalar var lauvhaustinga viktigast i fjordbygdene og lågareliggjande innlandsbygder. Kyst- bygdene måtte lita på lyng, tang og fiskeavfall, medan fjellbygdene henta ”mosså”, eller rettare sagt lavarter som kvitkrull o. l. i stort omfang. 

Ein av dei vanlegaste haustingsmåtane

Var styving av lauvingstre, med kvisting av lauvet frå dei avkappa greinene og binding til lauvkjerv. Med fornuftig styving, eller kylling som det òg heitte, kunne ein gå over og hauste same trea på nytt etter 5-8 år, alt etter treslag, jordsmonn, klima og handsaming. Levetida for slike tre kunne vare frå 50-200 år eller meir. Almen vart rekna som gjevaste styvingstreet, også avdi han hadde beste borken til borkebrød i naudsår. Asken hadde òg godt omdøme, men dei fleste vanlege lauvtre var gangbare og vart utnytta.
     Ved denne metoden vart lauvinga som et slags åkerbruk, med hausting etter ein viss plan med års mellomrom. Det finst mange pålitande kjelder som viser kor utbreidd metoden var. Ivar Aasen fortel frå sine reiser i Hardanger 1844.”…

ligesom i Sogn og Voss bliver ethvert Løvtræ af nogen størrelse afhugget omtrent tre Alen fra Jorden, for at Toppen kan bruges til Foder; de tilbagestående Stammer, der nu se du som Veistolper eller Lygtepæle, skyde rigtignok strax en Krands av Grene, men disse blive efter kort Tid også afkappede. Istedetfor høie og ranke Træer, har man således overalt en Skov av små Grene der skyde op fra mørke, tykke og hule Stammer, hvori en Mængde Fugle have deres Tilhold – ”

      Kunstmålaren nikolai Astrup frå Jølster (1880-1928) har skildra styvingstreet på ein genial måte i det kjende måleriet av Seljekallen. Det ligg ingen mystikk eller ”naturens luner” i dette, slik det stundom er sagt i kunstkritikkane. Det er rett og slett ein gammal seljestuv som er styvd for siste eller nest siste gong. Hallande mot jorda strekkjer seljekallen dei mange armane (greinene) mot himmelen, ennå med ei lita grøde på kvar finger. Han har levt sitt liv og gjort si gjerning. Det sto att tusinvis av slike i Vestlandsbygdene på Astrup si tid (jamfør Aasen).

     Ei anna form for enkel ”åkerbruk” ved lauving var skjering av tennung eller renningar (rynnung). Det var helst i noko nyare tid, når hardbeiting og utslått minka av, at denne haustingsmåten kom i bruk. På rydningar ved setrane og heimehamna skaut det opp mykje ungskot av bjørk og andre lauvtreslag. Desse var kutta til fôr når dei var om lag  mannshøge, og etter få år stod tennungsåkeren frodig på nytt, for ny lauvhausting.

     Noko av lauvinga vart utført om ettersommaren. Då vart lauvet litt mindre næringsrikt, men kravde mindre turking. Slik lauving vart ofte kombinert med vedhogst. Etter litt fortørking kunne haustlauvet turkast på hjell eller i ledige uthusrom. Det vart sjeldnare kjerva (samanbunde). Det som låg att når småfeet hadde gnaga ut det dei ville, vart nytta i gruva eller komfyren. Somme stader kalla dei denne veden for sauepinnar.

     Som utmarkshøyet kunne lauvet bli lagra ute, på raer, i stakk eller utløer. Det vart nytta ymse råder til vern mot bufe og hjortevilt. Lauvet kunne såleis leggjast på eit stort tre som var høgt nok styvd til at elgen ikkje nådde opp. 

Lav (måsså)

I fjellbygdene måtte dei ty til lavet meir enn til lauvet. Store vidder var fordelte til lavhausting. Lavet vart helst rive onnevis, ofte av fleire brukarar saman. Dette vart gjort om hausten når lavet var høveleg fuktig, men før frosten kom. I litt større omfang vart lavet trakka saman i karm, stor nok til eit høveleg vinterlass, ca. to skippund (320 kg). Når karmen var fulltrakka drog dei han opp og flytta til ny teig.
     Om etterhausten og om vinteren fraus kvar porsjon ihop til ein fast terning. Ved å leggje litt greinunderlag eller liknande som hindra fastfrysing til fjellet, og eit par skater (lange staurar) under kvar karm, gjekk det bra å vippe det frosne lavlasset opp på vintersleden. Lavet kunne også lagrast laust under tak i seterhusa eller i spesielle måssåhus. 
     Ved bra avling fekk dej om lag ein karm eller litt meir pr. daa lavfjell. Ved å setje att litt friskt underlag, eller små øyar slik at det nye lavet fekk eit godt startgrunnlag, kunne dei kome att om ca. 25 år for ny hausting. Dersom desse opplysningane er nokolunde rette, skulle lavet gje ein årleg tilvokster på ca. 12-15 kg fersk lav, eller 2-3 fôreiningar (f.e.) pr. daa. 
     Ved Storsteigen landbruksskule i Alvdal var lav og utmarkshøy hovudfôret til sauen så seint som i 1912-15. 

Bar, beit (ris), skav og bork

Når fôrknipa melde seg om ettervinteren, gjekk vegen til skogs for dej som hadde tilgang til den. I skogsbygdene vart lassevis av bar hogt til rette og køyrt til småfebingane kvar einaste vinter. Smalen kunne då få kome ut av fjøset ei stund, og ete baret av greinene. Det vart også lagt fram større stokkar, som smalen gnog reine før del vart tekne til ved eller material.  

     Frå Elverum er det fortalt at så snart tømmerhogsten tok til, vart borna sende til skogs med korger og knivar for å ta basteremsene som sat att etter berkinga. Det var slikt eit grepa godt får til småfeet.  

     Elles smidde dei skav av staur, ved og anna ferskt trevyrke til kvar tid, og når fôrknipa vart skikkelig lue, laut både små og store til skogs for rising og skaving. Frå Troms er det også opplyst at det vart brukt skav til fôr, ved sida av tare og fisk. Kor vanleg skavinga (bandinga) var, får vi eit vink om i eit dagboksnotat frå krigen 1807—14 av Jakob R. Vassbotn. Han måtte køyre nokre kameratar til sjukestova frå Torp ved Sarpsfossen. Då sa Rasmus Føleide frå Gloppen (som døydde av sjukdommen), her attgjeve i dansk språkdrakt så godt dei greidde å skrive det: «Nu har de i min Føder-Egn Godt Veir at være i bande skouven i Dag. Gid jeg og mine Camratter har været Hiemme...». Dette var i mars 1808.

     Opplysningsmannen, bonde og lensmann Sivert Aarflot frå Volda, var mellom dei som rettleidde mykje om korleis lauv, bar, ris og bork kunne nyttast i vanskelege tider, og kor «mandigen vore Fædre ofte har freist sit Qvæg...». Han tilrådde i 1811, i si eiga avis Norsk Landboeblad, at kvar gard burde plante 40-50 almar. Desse kunne styvast kvart 5. år og gje lauv, ris og skav både til folk og fe.

Det var nok ikkje så mykje næring i bar, beit og skav. Når det gield protein peikar nyare analysar endå i negativ retning. Men kanskje kunne jortardyr på knapp ernæring, som også var vane med slikt fôr, nytte det betre? Som mineraltilskott og vomfyll måtte det i alle høve ha stort verd i dei hardaste knipetaka.  

foto: Peter Emil Kaland 

 

Lyng, tang og tare og fisk

I kyststroka frå Sørlandet til Nord-Noreg var lyng og tang tradisjonsmaten framom noko til småfeet. Der skogen traut, tok lyng, tang og tare over. Fiskeavfall var også eit viktig supplement.  
     Når småfehaldet så langt attende ein veit har stått sterkast vest- og nordpå, er det ikkje minst på grunn av lyng og tang i ytre strok og lauvskog i indre. I desse stroka var også trongen for spesialklede av ull stor, etter kvart som fiskeflåten måtte trekkje lenger til havs, framleis i opne båtar. Så var det også her (og i Setesdal) at den norske spælsauen overlevde, og det var vest- og nordpå dei nye «norske» sauerasane vart utvikla
 

Lyng

Lyngen, særleg røsslyng, vart nytta både gjennom vinterbeiting, sommarbeiting og hausting. Haustingsmåtane var slått, skjering eller riving og bryting (ungane). For å halde lyngen ung og frisk, og dessutan få oppslag av gras og urter innimellom, vart lyngen svidd med visse mellomrom. Denne tradisjonen heldt seg her i landet levande til langt inn på 1900-talet.
     I dei ytre kyststroka var lyngheia mange stader sentral for kombinasjonen husdyrbruk/fiske på 1700- og i 1800-talet. Her kunne også sauen sleppe ut
dagleg i store delar av landet. Det var likevel ikkje så vanleg med fulldøgns utegange (villsau) som vi i dag gjerne vil tru .  

Taren vart samla med omhug til dyrefôr og gjødsel. Dette er frå Lista i Vest-Agder først på 1900-talet. (wilse)

 

Tang, tare og fiskeavfall

var gode og viktige fôrslag. Ved fjøre sjø var sauen, og eventuelt geita på plass. Taren kunne rivast på djupare vatn om det kneip, og i storm og uver dreiv store mengder tang og tare på land, som vart nytta både til fôr og gjødsel.  
     Kva tang og tare har tydd for småfeet i eldre tid, ser vi mellom anna frå nokre sitat av Jon Sæland, nedskrivne etter det eldre folk kring i landet hadde fortalt.

 

  Sitat av Jon Sæland

Frå Jæren:

"...ein mann sa at smalen hans i mange år kvar vinter heldt seg ned i tarestrandi kvar dag endå um bumarki hans med godt lyng- og myrbeite låg snøberr. Lange turar um vinteren var det lite eller inkje smalen hans fekk inne. Endå var han i god stand når våren kom. dette såg eg var tilfelle."

Frå Lofoten:

"Ein mann frå Lofoten fortalde meg ein gong, at på hans gard hadde det så lenge attende som nokon kunne minnast vori utegangarsau som fann so og seia alt vinterfôret i tarestrandi, og når det t.d. galdt vaksne gjeldverar (som dei bruka å hava) so heldt desse haustholdet heile vinteren for det meste."

 

Johan Schumann     1832-1911

     Den som gjorde aller mest for sauehaldet i denne perioden, både som eksperimentator og forfattar, var Johan Schumann. Han er, truleg av fleire grunnar, nærmast gløymd av ettertida. Dette på trass av at han har skrive meir om sauenæringa i landet enn det nokon annan lærebokforfattar kan kome i nærleiken av. Han fortener derfor sin eigen vesle teig i soga.

I lokalhistorisk samanheng er det skrive nokre få artiklar om Johan Schumann, m.a. av Sverre Landøy, Atløy. Dessutan skreiv professor Samson Berge i si tid ein liten biografi. Allmenne publikasjonar, som Den 17. mai i 1901, har også omtala Schumann sitt arbeid. Dessutan gav han sjølv ut ei rekkje fagbøker og artiklar gjennom ulike kanalar. Det samandraget som følgjer her er skrive ut frå dette tilfanget.

Johan Schumann    1832-1911

     Den som gjorde aller mest for sauehaldet i denne perioden, både som eksperimentator og forfattar, var Johan Schumann. Han er, truleg av fleire grunnar, nærmast gløymd av ettertida. Dette på trass av at han har skrive meir om sauenæringa i landet enn det nokon annan lærebokforfattar kan kome i nærleiken av. Han fortener derfor sin eigen vesle teig i soga.

I lokalhistorisk samanheng er det skrive nokre få artiklar om Johan Schumann, m.a. av Sverre Landøy, Atløy. Dessutan skreiv professor Samson Berge i si tid ein liten biografi. Allmenne publikasjonar, som Den 17. mai i 1901, har også omtala Schumann sitt arbeid. Dessutan gav han sjølv ut ei rekkje fagbøker og artiklar gjennom ulike kanalar. Det samandraget som følgjer her er skrive ut frå dette tilfanget.

Johan Schumann kom frå ei kjøpmannsslekt i Bergen, fødd 1 1832 av norske foreldre. Dej hadde gard på Storetveit utanfor Bergen med sauer og andre husdyr. Guten fekk tidleg el sterk interesse for desse sauene, og heldt seg mest i sauehuset så snart det var hove til det.

Faren døydde tidleg, og Johan var nokre år hjå presten Fasting i Jostedalen. Seinar gjekk han latinskulen i Bergen, men drog der etter til Danmark for åstudere landbruk. Han følgde forelesningane ved Den Kgl. Veterinær- og Landbohøjskole i to vintrar, og praktiserte husdyrbruk på danske bondegardar om somrane. Frå Danmark drog han til Skottland og praktiserte eit par års tid på ein stor sauefarm der. I 27-årsalderen drog han så attende til gamlelandet saman med 10 lam av svartfjesrasen (utegangarsau).

Etter ein kort periode med svartfjes og norske utegangarsauer (gammalnorsk spælsau) på Floa (Fløen) i Manger, pakta han øya Alden i Sogn og Fjordane. Han fekk då statslån til schæferi, noko som offisielt var populært på den tid. Han valde å satse på svartfjes som han hadde mest tiltru til, men han dreiv òg med ei del sjeviot, og kryssingar mellom desse og svartfjes.

Etter at paktingstida på Alden var ute, kjøpte han eit bruk på Hovden ved Florø. Han delte garden opp i mange beiteskift, og hadde fleire gjetarar, røktarar og hundar i arbeid. Det var ein gjetar på 150 søyer. Likevel rekna han med 10 % lammetap sommar og haust, og 7 % årleg tap blant morsøyene på grunn av sjukdom og uhell. Konklusjonen var at han ikkje ville tilrå utegangardrift sjølv på Hovden, som hadde uvanleg gode forhold. Han bygde derfor nytt og moderne sauefjøs i 1880-åra. Der vart det bygt til silo og spaltegolv i 1976, elles var huset i same stand som før.

Schumann flytte frå Hovden i 1899, 67 år gammal. Han døydde i 1911. visstnok i Bergen.

Det var likevel som forfattar han sette størst merke etter seg. Han skreiv eit stort tal faglege føljetongar i lokal- og regionaviser på Vestlandet. Desse vart etter kvart til lærebøker, som han gav ut på eige forlag eller i kommisjon.

I desse skriftene la han openhjarta fram alle sine røynsler, både positive og negative. Gjennom omfattande kunnskapar, i praksis mest henta frå Skottland og tilmåta for norske tilhøve etter eigne røynsler og forsøk, gav han råd og rettleiing om nærsagt alle spørsmål som vedrører sauehaldet.

Han var også ein meister i å knyte det eine emneområdet til det andre, og kom såleis til å setje sauehaldet inn i ein total jordbruks- og samfunnssamanheng. Då dette skjedde parallelt med opplysnings- og frigjeringsrørsla mot slutten av 1800-åra, fekk mange av skriftene hans etter måten stor utbreiing.

Ei av dei første bøkene hans tok spesielt føre seg sauehaldet i kystbygdene. Her peikar han på at når landsfolket viste mistru til så mykje av landbrukslærdomen i tida, kom det av at ein i altfor høg grad prøvde å etterlikna dansk og tysk jordbruk, «der baade er kostbart og uanvendeligt under vore Forhold».  

Johan Schumann (1832-1911) var truleg fremste pioneren for norsk sauehald på si tid . Han var også ein fagbokforfatter av første rang. (gamalt xylografi frå ca 1890-talet)

 I desse skriftene la han openhjarta fram alle sine røynsler, både positive og negative. Gjennom omfattande kunnskapar, i praksis mest henta frå Skottland og tilmåta for norske tilhøve etter eigne røynsler og forsøk, gav han råd og rettleiing om nærsagt alle spørsmål som vedrører sauehaldet.

Han var også ein meister i å knyte det eine emneområdet til det andre, og kom såleis til å setje sauehaldet inn i ein total jordbruks- og samfunnssamanheng. Då dette skjedde parallelt med opplysnings- og frigjeringsrørsla mot slutten av 1800-åra, fekk mange av skriftene hans etter måten stor utbreiing.

Ei av dei første bøkene hans tok spesielt føre seg sauehaldet i kystbygdene. Her peikar han på at når landsfolket viste mistru til så mykje av landbrukslærdomen i tida, kom det av at ein i altfor høg grad prøvde å etterlikna dansk og tysk jordbruk, «der baade er kostbart og uanvendeligt under vore Forhold».

Han kom også inn på vanskelege konfliktar med andre grupper, der småbøndene stod temmeleg makteslause. "...til Naboskabet kommer nogle unge Jægere, som søge sin Tidsfordriv i at dræbe Vildt i den fremmede Mands Udmark, hertil giver Jagtloven dem Frihed..."  . Dei braut ned gjerde, sette grindane opne og uroa buskapen, som stundom også kom bort. «...Bonden kan jo fordre Erstatning for Skaden, vil man sige; men der er ofte en lang, dyr Vey inden man kan naa frem til Rætferdigheden. Der skal Beviser og Salærer og mangt andet til."

Slike ting skreiv ein knapt ustraffa den gongen heller. I alle fall måtte han gje ut alle sine skrifter for eiga rekning og risiko, ofte i samarbeid med avisene for å få rimeleg sats. Dette trass i at dej fagleg sett stod i særklasse for si tid.

Frå 1874 til 1902 strøymde det jamt småskrifter og bøker frå Johan Schumann si hand. Så fekk han til slutt ut det faglege livsverket sitt omkring hundreårsskiftet, to store band på til saman nær 2 000 sider og for den tid rikt illttstrert. Denne gongen på Fabritius forlag i Oslo, men framleis berre i kommisjon. Her var då inkludert plantedyrking, jord- og gjødselkjemi, næringsinnhald i ulike fôrslag, veterinære spørsmål o.l. ved sida av alle sider ved det praktiske sauehaldet. Kvart hefte som verket bygde på, 23 i talet, kunne kjøpast einskildvis frå kr 0,24 til kr. 1,50 pr. stk. Samla kunne band I kjøpast for kr 5,— og band II for kr. 7,70.

Alt dette gjorde han ved sida av sitt daglege arbeid til livsopphaldet. Han bygde på eigne røynsler i kombinasjon med innan- og utanlandsk kunnskap. Så langt ein kan sjå fekk han aldri noka form for skrivar- eller forsøksløn. Han gav såleis alt ut på eigen kostnad. Dei tekniske hjelpemidla var penn og blekkhus. Av fotografia fekk han laga trykkplater ved hjelp av xylografi (tresnitt). Professor S. Berge sa det på denne måten: «Johan Schumann hørte til den særlige gruppe av ildsjeler, som av idealisme gikk inn for sin oppgave uten å tenke på egen fordel.» 

Med desse skriftene som fagleg ballast gjekk sauehaldet inn i det nye hundreåret.  

Retur