Vår nære fortid – ca. 1900 - 1947    

Ymse offentlege tiltak 

Frå stamsjæferi til saueavlsgardar og geitavlsstasjonar 

Vi har tidlegare nemnt dei private sjæferia som spreidde avlsdyr av ymse rasar til folk i omlandet. Så fekk vi stamsjæferi, seinare stamhjorder for sau, etter opptak frå statsagronom Johan Lindeqvist i 1860. Desse vart drivne med ei viss støtte frå staten.

Det har vore delte meiningar om den nytten eller skaden desse stamhjordene gjorde. Forsøkskomiteen i sau- og geitavlen 1948 meinte at tiltaket var bra, og at dei mindre gode resultata skreiv seg frå ein kombinasjon av snyltarplager (for små beiteareal) og for svak fôring.

Vinnaren av ullavhandlingskonkurransen i 1906 gjev derimot stamhjordene det glatte lag: - «Under Statens stempel er det hidtil solgt Rub og Stub til Høiestbydende, og man kan tænke sig, hva slags Dyr der i mange Tilfælde er spredt udover Bygerne som stamdyr».

Det er vanskeleg å vurdere alle sider ved desse første tiltaka i dag. Det som synest sikkert, er at det tid om anna følgde ymse parasittar og andre sjukdommar med importane, og at innførsla såleis ikkje var berre av det gode.

Dei noko skuffande resultata av stamhjordene medverka truleg til at staten rundt hundreårsskiftet sjølv ville kjøpe og drive avlsgardar for sau.

 Det er tvilsamt om avlsgardar var rett nemning for dei tre førstnemnde instansane. Statskonsulent Sæland brukte nemninga saualsgardar, som nok var meir dekkjande i dette høvet.  

Den første kom i Hodne i Rennesøy alt i 1890. Han gjekk over til å bli veterinær forsøksgard for sau i 1942. Stasjonen ligg no i Sandnes ved Stavanger, som Institutt for Småfe under Norges  Veterinærhøgskole.Det vart deretter oppretta stasjonar i Gjærøy, Nordland i 1903, flytta til Tjøtta i 1930, og i Edøy i Møre og Romsdal 1908.

1 1912 vart det så oppretta to halvprivate avlsstasjonar for spælsau. Staten kjøpte inn livdyr av gammalnorsk sau, medan drifta gjekk i privat regi etter avtalte kriterium.

Det viste seg at sauavlsgardane i nokon mon vart utsette for same problemet som stamhjordene. Snyltarplaga vart for stor, og lamma for små. Sauavlsgardane oppnådde derfor ikkje den populariteten som mange hadde venta. Likevel spelte Gjærøy og Tjøtta ei stor rolle i utviklinga av steigarrasen, mellom anna gjennom import og spreiing av sutherlandsverar. Hodne gjekk som nemnt over til veterinær forsøksgard og kom til å spele ei viktig rolle i kampen mot snyltarplagene.

Saueavlsgardane tok elles opp ymse praktiske oppgåver til nærare utrøyning, som kultivering av sauebeite på lyngmark og myr, grøfting, lyngbrening, taregjødsling m.m. 

Endeleg må vi nemne at spælsauen vart berga og spreidd med støtte frå det offentlege, men først og fremst gjennom framifrå arbeid av stasjonsvertane. Den eine låg i Rogaland (først Hidle, seinare Gjestal), den andre i Setesdal (først Løyland, seinare Uppstad). Denne framvoksteren kom trass i at embetsmenn, sjæferi, stamhjordvertar og mange fagfolk hadde gjort det dei kunne for å tyne spælsauen i 150 år.  

 

Utstillingsverksemd, stambokføring m.m.  

Første husdyrutstillinga i landet skal ha blitt halden i Sandvika i Akershus i 1855, men då berre for storfe og hest. På 1900-talet kom staten sterkare inn i biletet. Småfeet kunne no utstillast og dømast på ein del av utstillingane, men dette vart helst som eit påheng til dei større husdyra.

Med opprettinga av den første statskonsulentstillinga for småfe i 1917 (Jon Sæland) fekk denne verksemda ein mektig skuv framover. Frå denne tida vart småfeutstillingane, og seinare stambokføringa, ei av dei viktigaste oppgåvene for den offentlege rådgjevingstenesta i småfehaldet. Også buhunden vart teken med som ein naturleg lekk i utstillingsverksemda for småfeet.

Det synest heilt klårt at bøndene sjølve, omlag frå hundreårsskiftet, hadde teke meir hand om styringa av avlsarbeidet enn før. Som døme kan nemnast at Steigen Landboeforening heldt saueutstillingar alt frå 1890-åra.

Lenger sør, spesielt i dei gode sauedistrikta på Vestlandet, la dei mest dugande sauebøndene vekt på å velje ut og stabilisere kryssingsdyra i den retning dei fann mest førmålstenleg for sitt miljø.

Både statskonsulenten og andre som stod sentralt i utstillingsverksemda, spesielt fleire av fylkesagronomane, hadde auga for desse typane og gjekk inn for å føre arbeidet vidare. Frå 1919 fekk vi den såkalla vossasauen utskild som eigen type, godkjend som eigen rase under namnet dalasau i 1922. Første ættboka vart trykt i 1926. (Sæland, J. Ættbok  yver verar av dalaslaget 1922 - 25)

I Rogaland skjedde det ei liknande utvikling. Alt i 1908 vart det utskilt eigne grupper for «lønnsomme blandingstyper», først på sjåa i Helleland og Sand. Etter eit langvarig og omfattande forarbeid av fylkesagronom Kvadsheim og statskonsulent Teig, vart rygjasauen godkjend som eigen rase frå 1924. Første stamboka kom i 1926 med røter heilt attende til 1909. 

For spælsauen sitt vedkomarnde fekk vi heller ikkje trykte ættbøker før langt ut i hundreåret, den første i 1947. Men det fanst oppteikningar attende til dei første stamdyra frå 1912. 

Spælsauen hadde hatt denne utviklinga ved stasjonen i Hidle/Gjestal sidan spælsauen kom til stasjonen som villsau i 1912:

Kategori                                                1912                        1918                         1947   

____________________________________________________________________

Vaksne verar, kg lev. vekt                        25,7                        48,5                        72,0

Vaksne søyer, kg lev. vekt                        23,3                        39,0                        48,7

Lam, kg lev. vekt                                     14,0                        21,0                         31,5

I Setesdalen fanst det som nemnt også att sauer av den gamle rasen (tamsau). Der vog vaksne søyer 41 kg då dei vart innsette på stasjonen i 1912, og det tok lenger tid før desse auka nemnande i vekt.  

*Sigurd Bell 1947. Ætbok for verar av Norsk Spælsau, l bandet

**Jon Sæland. 1920  Gamle Norske Sauer  

 Retur